Stopp i arbeidet om samanslåing av dei to bankane
Undervegs er det blitt avklart at den tekniske gjennomføringa vert vanskeleg å sluttføre innanfor dei tidsrammer som bankane hadde sett for den tekniske samanslåinga. På grunn av dette har styret i Tysnes Sparebank vedteke å stanse forhandlingane. 

Tidsfaktor for teknisk samanslåing vart utfordrande
Eika-alliansen med 53 bankar vedtok seint i desember at alle bankane der skulle skifte dataleverandør frå SDC til TietoEvry. Det har medført at kapasiteten hjå dataleverandørane vart ein flaksehals i planlegginga for når bankane faktisk kunne framstå som ein bank.

«For Tysnes Sparebank betyr dette at vi må planlegge åra framover som ein frittståande bank, samstundes ynskjer vi å oppretthalde det gode tilhøve som vi har fått med Etne Sparebank i åra som kjem» seier banksjef Dag Sandstå.

Framleis eit godt grunnlag for vekst i Tysnes Sparebank
Dei komande åra vil banken planlegge for å ta marknadsandelar i Sunnhordlandsregionen. Banken har ein solid kontorstruktur og god tilgang av nye kundar. 
«Tysnes Sparebank har hatt ein solid vekst dei siste åra, og dette vil vi vidareføra i åra som kjem» uttaler banksjefen.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 26. mars 2021

Dag Sandstå
Banksjef