Innskytarvalmøte i Tysnes Sparebank vert i utgangspunktet haldt i banklokala i Våge - dersom smittevernssituasjonen endrar seg kan det bli endringar. 

Fredag 26. februar, kl. 14.00.

Røyste -og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månadar har hatt og framleis har eit minsteinnskot på kr 2.500 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande innskot. 

Alle som er valføre er pliktige til å ta imot val som medlem eller varamedlem, med mindre vedkomande har gjort teneste som medlem i forstandarskapet, styret eller kontrollkomiteen i sparebanken i minst ein valperiode. 

Etter vedtektene i §3-3 skal det vere val av 3 forstandarar og 2 varamedlem til banken sitt forstandarskap. 

Forstandarane og varamedlemmene skal veljast for 4 år. 

Liste over medlemmer og varamedlemmer i forstandarskapet, der det går fram kven som står på val i år, er lagt fram i banken og på bankens heimeside. 

Røysteføre innskyttarar kan kome med forslag til kandidatar.

Forslaga må vera sendt til banken innan 20. februar 2021 med kandidaten sitt namn, fødselsår og- dato, yrke og fullstendig adresse. Valkomiteen utarbeider på grunnlag av innkomne forslag og eigne vurderingar ei valliste som vert lagt ut i banklokale og på heimesida til banken. Forslag kan sendes til ber@tysnes-sparebank.no eller leverast / sendast til banken. 

Instruks om innskytarane sitt val til forstandarskapen er gjort tilgjengeleg i banken sine lokaler.

Valgkomiteens forslag er lagt fram til gjennomsyn i bankens lokaler og på bankens heimeside. 

Innskytarvalgde:

Namn På val Namn Varamedlem På val
Elin Flatråker 2023 Kjartan Hagen 2021
 Lars Petter Epland 2023 Helga Belt 2021
 Thomas Angel Langli 2023    
 

TYSNES SPAREBANKS FORSTANDARSKAP 

11. februar 2021

Reidun Myklebust

Leiar. 

 

Vedlegg:

Liste over medlemmer og varamedlemmer i forstandarskapet

Valgkomiteens forslag