Utlånsrenta vert sett ned

Tysnes Sparebank set ned renta på utlån med inntil 0,4 prosentpoeng. For eksisterande kundar gjeld ny rente frå 8. juli 2020.  

Årsaken til rentenedgangen er den krevande situasjonen i norsk økonomi, og Norges Banks nedjustering av styringsrenta torsdag 7. mai.

 

Innskotsrenta vert også redusert

Banken reduserer innskotsrenta med inntil 0,4 % med verknad frå 22. juli 2020.

 

Vert du råka av permittering eller arbeidsløyse – ta kontakt med banken

Vi oppfordrar alle til å ta tidleg kontakt med banken dersom ein vert råka av permittering eller av andre årsaker får ein vanskelegare økonomi. Det er alltid enklare å finna løysingar når dette vert tatt tak i på eit tidleg stadium. Løysingane vil alltid vera individuelle, banken vil strekkje seg så langt råd er for å hjelpe kundar som får vanskar med økonomien.

 

Me er her for deg

Me ynskjer å skille oss ut med vårt bankkonsept; lokalbanken som er tilgjengelig og løsningsorientert. Mange er usikre på fremtida, og mange ynskjer å snakke med ein rådgjevar som kjenner deg og lokalsamfunnet ditt.

 

Du finn kontaktinformasjonen til din rådgjevar i nettbanken/mobilbanken.
Sentralbordet vårt er tilgjengelig på tlf. 534 30 300 og post@tysnes-sparebank.no