Tysnes Sparebank rår til å ta kontakt med banken så tidleg som mogleg.

Korona skapar usikkerheit for oss alle og fleire opplever store økonomiske konsekvensar som følgje av situasjonen me står i.

Alltid ved kunden si side

Tysnes Sparebank har alltid bidrege til både velstand og økonomisk tryggleik for privatpersonar og lokalt næringsliv.

Gjennom historia har me alltid vore til stade for kundane, også når økonomiske stormar har herja, arbeidsløysa har vore stor og mange bedrifter har stått i stor usikkerheit.

Ein partnar i medgang, eit sikkerheitsnett i tunge tider. Alltid ved kunden si side.

- Mange er usikre på korleis dei skal handtera økonomien. Me har fokus på å vera her for kundane våre, både privatpersonar og bedrifter. Mange er uroa over den økonomiske situasjonen og utryggheiten, og me gjer det me kan for å hjelpa, seier Dag Sandstå, banksjef for Tysnes Sparebank.

- Difor oppmodar me kundane våre til å ta kontakt så tidleg som mogleg, slik at me kan finne den beste løysinga.

Eksplosiv auke

Etter at koronaepidemien braut ut har bankar i heile Noreg opplevd ei eksplosiv auke i henvendingar og søknadar om avdragsfriheit på lån. Dette gjeld også for oss i Tysnes Sparebank.

Tal frå NAV synte per. 25.03. at 251.403 personar har søkt om dagpengar som følgje av permittering. 291.000 er heilt arbeidsledige.

- Økonomien råkar oss alle, og koronakrisa er noko me står i saman. Med vår lokalkunnskap og nærleik til våre kundar, anstrenger me oss for å finna løysingane som er tilpassa ditt behov - spesielt no som situasjonen er som den er, understrekar Sandstå.

Bustadlån

For mange er bustadlånet den største, faste utgifta. Avdragsfriheit vil difor kunna vera eit godt alternativ for kundar som har behov for det.

Avdragsfriheit vil seia at du i ein gitt periode berre betalar månadlege rentekostnadar på lånet. Lånet vert difor ikkje nedbetala under avdragsfriheit, noko som betyr at nedbetalingstida vert lengre, og totalkostnaden på lånet aukar.

Du kan få avdragsfriheit i opp til seks månadar.

Treng du avdragsfriheit på bustadlånet ditt?
Då ber me om at du søkjer om dette på nett eller ringjer oss. Send oss gjerne ei melding i nettbanken eller mobilbanken der du oppgjev kor lang tid du ynskjer avdragsfriheit (1-6 mnd) og ei kort begrunning.

Hugs at dersom du har inntektsforsikring, har du krav på utbetaling om du vert arbeidsledig eller permittert.

Her kan du lese om kva grep du sjølv kan gjøre kring din eigen økonomi

Kva bør eg gjera med fonds- og pensjonssparinga mi?

Det er urolege tider i sparemarkedet. Historia viser at aksjemarkedet som regel vil styrka seg etter ei økonomisk krise. Ved å fortsetja sparing i f.eks. fond i nedgangstider, vil du også få med deg verdistigninga som antakeleg vil koma når markedet snur.

- Still deg sjølv fylgjande spørsmål, tilrår banksjefen:

- Har din økonomiske situasjon endra seg?
Kva var målet og årsaken til at du starta med spareavtale?
Er du usikkerkan du kontakta ein av våre sparerådgjevarar, seier Sandstå.

For bedrifter

- Me har full forståing for at mange av våre kundar har behov for hjelp til å klara seg økonomisk. Me gjer vårt beste for å hjelpa folk og bedrifter gjennom krisa, seier Gjermund Vik, leiar for bedriftsmarknad i Tysnes Sparebank på Stord.

- Men for at me skal yte best mogleg hjelp, er det viktig å vera førebudd, seier han.

Her er råda til deg som treng bistand.