Finanstilsynet sendte 16.03.2020 ut likelydande brev til alle styrene i dei norske finansinstitusjonane vedrørande disponering av årsoverskotet i ei tid med virus-krise og auka økonomisk usikkerheit. Finanstilsynet oppfordrar styrene å revurdere utbyttebetalingar og andre utdelingar.

 

Styret i Tysnes Sparebank vedtok bankens årsrekneskap for 2019 den 11.03.2020. Revisor si melding er signert same dato. Tysnes Sparebank er solid og har ein kapitaldekning over bankens minimumsmål ved årsskiftet. Som følgje av koronapandemien vedtok styret i etterkant å redusera utbyttegraden frå 70 % til 50 %.  Direkte utbetaling av utbytte på bankens eigenkapitalbevis vert redusert frå kr. 6,27 til kr. 4,48 per eigenkapitalbevis. Den samla avkastninga på kvart bevis er 9,6 %. Det som ikkje vert direkte utbetalt blir sett av på bankens utjamningsfond. Utjamningsfondet er eigenkapitalbevis-eigarane sin kapital og kan mellom anna nyttast til utbetaling til eigarane seinare.

 

Banken har framleis god drift, men som for alle bankar er rentemarginen under press. Tysnes Sparebank sitt mål er å kunne gje ei avkastning til eigarane som er 5 – 7 % over innskotsrenta i åra som kjem og direkte utbytte på mellom 50 og 70 %.

 

Avsetning til gåver til allmennyttige føremål vart ikkje endra.

 

I forstanderskapsmøtet 30.03.2020 vedtok forstanderskapet å utsetje behandling av årsrekneskapen og overskotsdisponeringar for 2019 til nytt forstanderskapsmøte 11.06.2020 for å sjå om den store usikkerheita rundt den økonomiske utviklinga var redusert.

 

I ekstraordinært forstanderskapsmøte 11. juni 2020 vart styret sitt endra forslag til forstanderskapet for disponering av årsoverskotet for 2019 etter skatt på kroner 27.770.404 vedtatt:

 

  • Utbytte på eigenkapitalbevis                                    kr.        6.785.629
  • Overført til sparebankens fond                                 kr.      13.999.147
  • Utdeling til gåver til ålmennyttige føremål              kr.           200.000
  • Overført til utjamningsfondet                                   kr.        6.785.628
  • Sum disponert                                                           kr.      27.770.404

 

Godkjend årsrapport for 2019 er vedlagt. Endra årsdisponeringar for utbytte og utjamningsfondet er først innarbeida i bankens 1. kvartalsrapport 2020.