Utlånsrenta vert sett ned

Tysnes Sparebank set ned renta på utlån med inntil 0,6 prosentpoeng. For eksisterande kundar gjeld ny rente frå 8. april 2020. Banken fylgjer nøye med på renteutviklinga i marknaden, og vil fortløpande vurdera ytterlegare rente-endringar. Når bankane i Noreg hausten 2019 sette opp renta valde Tysnes Sparebank å halde renta uendra.

 

Årsaken til rentenedgangen er den usikre situasjonen som har oppstått i samband med Koronavirus-utbrotet.

 

«Vi ser det er mange som vert råka av permitteringar og dei fleste av oss opplever ei vanskelig og usikker tid. At banken set ned renta håpar vi vert opplevd som eit positivt bidrag til den enkelte kunde i ei vanskeleg tid» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Vert du råka av permittering eller arbeidsløyse – ta kontakt med banken

Vi oppfordrar alle til å ta tidleg kontakt med banken dersom ein vert råka av permittering eller av andre årsaker får ein vanskelegare økonomi. Det er alltid enklare å finna løysingar når dette vert tatt tak i på eit tidleg stadium. Løysingane vil alltid vera individuelle, banken vil strekkje seg så langt råd er for å hjelpe kundar som får vanskar med økonomien.

 

Stor pågang av nye kundar til Tysnes Sparebank

Alle banken sine kontor opplever stor pågang av nye kundar som ynskjer å flytte sitt bankforhold til oss.

 

«Det er i tider som dette at den personlege banken verkeleg kjem til sin rett. Det er no kundane ynskjer å snakke med rådgjevarar som kjenner både kunde og lokalsamfunn, då kan ein saman finna dei beste løysingane» seier banksjef Dag Sandstå.

 

«Grunna den store pågangen av nye privatkundar må vi diverre prioritere kapasiteten vår først til eksisterande kundar. Vi ber om forståing for at det vil kunna ta noko tid å handsame alle nye kundeførespurnader slik situasjonen er i dag» uttaler banksjefen.

 

Innskotsrenta vert også redusert

Banken reduserer innskotsrenta med inntil 0,6 % med verknad frå 1. juni 2020.

 

Er det spørsmål til pressemeldinga ta kontakt med underteikna på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

 

Tysnes, 26. mars 2020

 

Dag Sandstå

Banksjef