Kontakt banken

Ikkje nøl med å kontakta oss, dersom du ser at økonomien din blir utfordrande. Me er her for å hjelpa.

Bustadlånet er for mange den største, faste utgifta. Kundar som er permittert kan søkja om avdragsfriheit på lånet i opp til seks månadar. Avdragsfriheit vil seie at du i ein gitt periode kun betalar månedlege rentekostnadar på lånet. Lånet nedbetales ikkje når du har avdragsfriheit, som betyr at nedbetalingstida blir lengre og totalkostnaden på lånet vil auka.

Treng du avdragsfriheit på bustadlånet ditt, ber me om at du søkjer om dette på nett eller ringer oss. Send oss ei melding i nettbank eller mobilbank der du oppgjev kor lang tid du ynskjer avdragsfriheit (1-6 mnd), og ei kort begrunning.

Har du inntektsforsikring har du krav på utbetaling om du blir arbeidsledig eller permittert. Husk å melde frå til forsikringsselskapet ditt. Har du inntektsforsikring hjå Eika kan du melde frå her.

Følg med på myndigheitenes tiltak

Partia på Stortinget er blitt einige om ei krisepakke med fleire tiltak for din privatøkonomi. Eit av dei er at du får full lønn i 20 dagar hvis du blir permittert, oppad begrensa til 600.000 kroner. Sjølvstendig næringsdrivande vil etter 17 dagar få kompensert opp mot 80% av den gjennomsnittlege inntekta dei har hatt dei siste tre åra, oppad begrensa til 600.000 kroner.

Når staten tar rekninga frå dag 3 til 20, er dette eit viktig grep for å unngå konkurs, og sånn sett sikra arbeidsplassar. Fleire dagar med full lønn er eit viktig grep for manges privatøkonomi. Einigheita i Stortinget ivaretar dermed båe bedrifter og ansatte.

Blir du permittert bør du søkja om dagpenger med ein gong, ettersom det ikkje har tilbakevirkande kraft. Sjå for øvrig NAVs sider om ordningar som er relevante i koronakrisa.

Gå gjennom økonomien

Dette er ei tid for å skaffe deg oversikt over kvar pengane blir av. Me anbefaler å gå ordentleg gjennom økonomien i familien og finne ut kva som er strengt naudsynt og kva som kan kuttas eller utsettjas. Gå gjerne gjennom transaksjonane i nettbanken eller mobilbanken. Finn ut kva faste utgifter du må betale (slik som husleige, lån, straum, kommunale avgifter). Deretter finn du dine variable utgifter (slik som mat, klær, sko, fritidsaktivitetar). Ein slik gjennomgang vil gje deg oversikt over kva kostnadar som er strengt naudsynt og kva utgifter du kan kutte. Dermed kan du settje opp eit budsjett for tida framover. Går du framleis i minus, etter å ha kutta naudsynte kostnadar, bør du kontakte banken. Stopp i sparing, avdragsfriheit og midlertidige lån er tiltak vi som bank kan bidra med. Men det er ikkje slik at alle kundar vil få lån og avdragsfriheit på grunn av koronakrisa. Desse tiltaka gjeld personar som er ramma av krisa og har midlertidige økonomiske problem.

Ikkje hamstre

Mange er ute i daglegvarebutikkene no og hamstrar for ein lang periode framover. Er dette lurt? svaret på dette er nei.

Det viktigaste er at man handler kun det man har behov for, slik som man gjer til vanleg. Unngå spontanturar på butikken, og planlegg heller ukeshandling. Færre turar på butikken vil gagne deg økonomisk i tillegg til at smittefaren minkar.

Husk, daglegvarebutikkar og apotoket kjem til å vera noko av det siste som stenges ned, slik at me vil mest sannsynleg ha god tilgang til matbutikkar framover. Derfor treng ein ikkje hamstre i store volum nå.

Ha is i magen

Børsen og aksjemarknaden har gått på ein smell i det siste, og mange er usikker på kva man skal gjere med fonds -og pensjonssparinga si. Til dei usikre har me følgjande råd:

Ikkje selg ut eller dropp spareavtalen no. Det viktigaste er å halde seg til planen og ha is i magen. Man bør alltid ha eit langt perspektiv på aksje -og fondssparing, og det er ekstremt vanskeleg å time når det er "best" å selje seg ut eller kjøpa. Om det er vanskeleg å sjå på at talet går ned, prøv å ikkje sjekk fonda så ofte.