Me tenkjer på deg som kunde og det er bestemt følgjande:
Frå og med fredag 13.mars vil du måtte kontakte banken på telefon eller via andre digitale kanaler. Banklokala vert stengt for kunder.
Me har mange kunder innom i banken kvar dag, og mange av dei besøkande er også eldre kunder. Det betyr at me må vera ekstra bevisste i situasjonen. Banken si inngangsdør vert difor stengd for kunder.

 

Korleis skal eg kontakte banken no då?
Bruk epost eller andre digitale kanaler om du kan. Me er også tilgjengeleg på Facebook. Me venter større trykk på telefon enn normalt og det kan bli ventetid. Dersom du har muligheit til å oversende oppdraget ditt på epost vil det avhjelpe telefonkøen, og du unngår ventetida. Samstundes slepp du til dei som ikkje handterar digital kommunikasjon og som MÅ bruka telefon.
 
Haster oppdraget ditt, merk det tydeleg med HASTER i emnefeltet. Epost sender du til post@tysnes-sparebank.no, eller direkte til rådgjevaren din viss det er han/ho du treng å kommunisera med. Du kan også senda sms eller ringa direkte til rådgjevaren din.

Telefonhenvendingar
Du når kundesenter som vanleg på telefon 53430300.

Kontaktinformasjon til rådgjevarne våre finn du her: Link oversikt tilsette

Planlagte kundemøter
Om du allereie har ein avtale om eit møte i banken, vil me kontakta deg for å avklara situasjonen og sjå om me kan løysa behovet ditt med eit telefonmøte.

Kvifor går me så drastisk til verks?
Me byggjer konseptet vårt på personleg kundekontakt. Det betyr at me må vera ekstra bevisste i den situasjonen me no har med aukande spreiing av koronasmitte.

Hensikta er todelt.

For det første ønskjer banken å bidra til å redusera smittespreiinga i samfunnet. For det andre vonar me gjennom dette å forhindra eller begrensa smittespreiinga internt i banken på ein slik måte at me kan oppretthalda tilnærma normal drift over tid. Dette vil koma både kundane og lokalsamfunnet til gode.

Ellers normal drift i banken
Banken si drift går ellers som normalt med kundeservice på telefon, epost og i øvrige digitale kanaler, handsaming av låneforespørsler, forsikringer, betalinger og sparing. Leverandørane våre i Eika, it-drift osv. har gode beredskapsplaner, og me ventar normale leveranser herifrå.