Godt 4. kvartal i Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank har eit resultat før skatt på 36,2 mill. kroner for året 2019. Dette er ei resultatbetring på om lag 5 mill. kr. i høve til 2018.

"Banken er nøgd med den gode utviklinga banken har, årleg auke i antal kundar kombinert med effektiv drift er suksessoppskrifta for banken» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Auka marknadsandel i Sunnhordlandsregionen

Tysnes Sparebank med hovudkontor i Våge på Tysnes har dei siste åra auka marknadsandelen lokalt. Innan  personkundemarknaden har banken omlag 10 % marknadsandel, noko som er ei dobling frå 2015 til utgangen av 2019.

«Ein god kontorstruktur, der banken er representert med lokalkjente medarbeidarar som kjenner dei lokale tilhøva legg grunnlaget for den kundetilstrøyminga banken har hatt dei siste åra» uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Utlånsvekst på 10 % i 2019

I 2019 har banken hatt ein utlånsvekst på om lag 10 %, medan innskot har auka med 4 %. Banken skal ha ein god balanse mellom innskot og utlån. Ved utgangen av året er 73 % av utlåna finansiert av innskot frå kundar. Målet er å ha om lag 80 % av utlån finansiert av innskot frå kundar.

 

Noko auke i tap

Banken har auka tapsavsetningane i 2019 samanlikna med 2018. Det er ein kombinasjon av tapsavsetjing på enkeltengasjement og gruppevise avsetjingar. Avsetningane er ikkje faktiske tap, men avsetjingar i rekneskapen for å ta høgde for potensielle tap fram i tid.

 

Forstanderskapet skal godkjenne årsrekneskapet 26. mars 2020

Forstanderskapet i banken skal den 26. mars 2020 godkjenne årsrekneskapet og avgjere størrelsen på direkte utbytte til eigenkapitalbeviseigarane. Styret i banken innstiller til forstanderskapet at det skal delast ut 10 kr i utbytte per eigenkapitalbevis. Det er ei avkastning på om lag 10 % per bevis.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

 

Tysnes, 13. februar 2020

Dag Sandstå

Banksjef