Det vert invitert til valmøte for eigenkapitalbeviseigarane i Tysnes Sparebank torsdag 5. mars 2020 kl. 18:00 i bankens lokaler på Våge, Tysnes. Det vert enkel servering etter møtet.

Saksliste:

  1. Velkomen og registrering av frammøtte eigarar
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 møtedeltakarar til å skrive under referat frå valmøte
  4. Val av 1 medlem til forstanderskapet
  5. Val av 1 varamedlem til forstanderskapet
  6. Val av 1 medlem til valkomite for eigenkapitalbeviseigarar
  7. Val av 1 varamedlem til valkomite for eigenkapitalbeviseigarar
  8. Eventuelt

Valkomiteen for eigenkapitalbeviseigarane si innstilling på kandidatar til forstanderskapet og medlem til valkomite for eigenkapitalbeviseigarar er vedlagt.

Alle eigenkapitalbeviseigarar som er registrert i Verdipapirsentralen (VPS) på valdagen er røysteføre. Kvart eigenkapitalbevis gjev ei stemme på valmøtet. Avstemminga skjer skriftleg dersom ikkje alle møtande samtykkjer i at avstemminga skjer på ein annan måte. Den eller dei som får flest stemmer er valt. I tilfelle av likt antal stemmer vert det loddtrekning.

Vi ber om tilbakemelding på di deltaking innan fredag 28. februar 2020 til Britt Ersvær på telefon 95 28 43 06 eller per e-post til ber@tysnes-sparebank.no

Dersom du møter med fullmakt, må vedlagte fullmakt returnerast i underskriven stand til bank innan fredag 28. februar 2020.

Fullmakt til eigenkapitalbeviseigarane sitt valmøte

Innkalling til valmøte 5 mars 2020

Innstilling frå valkomiteen til eigenkapitalbeviseigarane

Med helsing

Tysnes Sparebank

Lorentz Lunde

Leiar forstanderskapet.