Lokalbanken

Tysnes Sparebank er den lokale sparebanken som synes det er positivt å vera til stades der kundane er. Me er difor nøgde med å ha kontorplass hos "iBanken" på Halsnøy.

Hos iBanken finn du Tysnes Sparebank saman med våre meklarar i Aktiv Eigedomsmekling. I tillegg held Tveit Rekneskap, Privat Omsorg Sunnhordland og Store Ringheim hotell & restaurant kontorer i fellesskapet.

Er det lys på, må folk gjerne stikka innom

iBanken kan du finna deg ein kopp kaffi og slå deg ned, treng du å få gjort unna noko arbeid på farten så er det anledning for det, eller om du ynskjer så kan du avtale eit tidspunkt med oss for eit møte. Fleksibilitet, myldring og aktivitet er stikkord som går igjen.

Avtal eit møte med oss

Til å starte med så vil banken vera tilgjengeleg etter avtale. Me er gode på å tilpasse oss og snu oss om, så har du ønske om ein prat på Halsnøy slår du berre på tråden til oss for å gjere ein avtale.