Solid start på året

Den lokale frittståande sparebanken i Sunnhordland oppnådde eit resultat før skatt på 7,8 millionar kroner. Dette er 1,6 millionar kroner betre enn første kvartal 2018.

Dette resultatet gjev ei avkastning på eigenkapitalen på om lag 9,1 %.

Stabil vekst

Banken har dei siste 12 månadene hatt ein vekst på 17 % i utlån og 14 % på innskot.

Veksten i banken kjem for det meste frå personkundemarknaden, og det er i aldersgruppa mellom 20 og 40 år banken veks mest.

«Det er gledeleg at så mange av dei yngre aldersklassane vel å bruka den lokale sparebanken» seier banksjef Dag Sandstå.

Solid bank

Etter at banken før påske henta inn nye 45 millionar kroner i eigenkapital er banken solid og godt fundamentert til å fortsetja veksten i åra som kjem. Banken har Sunnhordland som sin hovedmarknad.

Den personlege banken

Banken har som mål at alle kundar skal ha ei god kjensle av den personlege banken. Konseptet med å vera representert lokalt og samstundes ha moderne digitale løysingar er noko marknaden i Sunnhordland har teke svært godt i mot. Korte linjer for å ta avgjerder er ein av dei store fordelene i banken. Det gjev kundane raske svar når det er saker dei treng avgjerd i.

Det går godt i Sunnhordlandsregionen

Det er god aktivitet i heile Sunnhordlandsregionen med aukande sysselsetjing.

«Vi er glade for at næringslivet i vår region går godt, og at den negative trenden no er snudd, det gjer at vi ser optimistisk på åra som kjem» seier banksjefen.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå (telefon 90089084 el epost dsa@tysnes-sparebank.no) eller økonomisjef Karoline Dalen (telefon 975 48 996).

 

Tysnes, 10. mai 2019

Dag Sandstå                                                              

Banksjef