Tysnes Sparebank og Aktiv Eigedomsmekling flyttar i dag inn i nye og godt synlege lokaler i Meierikvarteret i Leirvik sentrum.

”Det er med gleda me no kan tilby våre kundar og tilsette topp moderne lokale med enkel tilkomst” seier banksjef Dag Sandstå i Tysnes Sparebank.

Det var styreleiar Bente Raknes i Tysnes Sparebank som stod for den offisielle markeringa av dei nye lokala.

”Me er glade for at kundane på Stord har teke så godt i mot vårt lokalbankkonsept. Dette saman med godt samarbeid med eigedomsmeklarane gjev eit fantastisk utgangspunkt for vekst i åra som kjem” uttalar styreleiaren.

Banken på Stord utvidar

Banken har sidan opninga på Stord i 2017 hatt ei flott utvikling. Det er flest personkundar som har vald den lokale sparebanken som sin bank, men også verksemder i området har flytta til lokalbanken. Grunna større vekst enn venta har banken allereie tilsett ein ny kunderådgevjar som starter i løpet av våren. 

Aktiv Eigedomsmekling veks

Den nye eigedomsmeklaren på Stord har vore eit friskt pust i lokalmarknaden i Sunnhordland. Selskapet starta med 2 meklarar og ein administrasjonsmedarbeidar. Allereie det første året har selskapet omsett om lag 80 bustadeiningar. Det er godt over det som var forventa det første året.

Aktiv aukar også talet på medarbeidarar

Frå januar har selskapet knytt til seg Synnøve Handeland som fagansvarleg leiar. Ho har tidlegare vore banksjef i Sparebank 1 SR-Bank på Husnes og vore fagansvarleg for Eigedomsmegler 1. Ho er utdanna jurist og eigedomsmeklar. I tillegg til rolla som fagansvarleg skal Synnøve ha faste dagar på Husnes der ho tilbyr advokattenester.

”Me er glade for å få med Synnøve Handeland på laget, no har vi eit flott lokalt team som vi vonar tilbyr kunden den beste opplevinga av eit godt handtverk, samstundes som vi kjenner den lokale marknaden” seier dagleg leiar Kjell Fylkesnes i Aktiv Eigedomsmekling.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå (telefon 90089084 el epost dsa@tysnes-sparebank.no) eller dagleg leiar i Aktiv Eigedomsmekling Kjell Fylkesnes (telefon 90404018).

Stord, 18. januar 2019 

Dag Sandstå                                                               Kjell Fylkesnes

Banksjef                                                                     Daglig leiar Aktiv Eigedomsmekling AS