Innskytarvalmøte i Tysnes Sparebank vert halden i banklokala i Våge

Måndag 11. mars 2019, kl. 14.30.

Røyste- og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månader har hatt og framleis har eit minsteinnskot på kr 2.500 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande innskot.

Alle som er valføre er pliktig til å ta imot val som medlem eller varamedlem, med mindre vedkomande har gjort teneste som medlem i forstandarskapet, styret eller kontrollkomiteen i sparebanken i minst ein valperiode.

Etter vedtektene § 3-4 skal det vere val av 3 forstandarar og 2 vara medlem til banken sitt forstandarskap.

Forstandarane og varamedlemmene skal veljast for 4 år.

Liste over medlemer og varamedlemer i forstandarskapet, der det går fram kven som står på val i år, er lagt fram i banken og på banken si heimeside (sjå lengre nede).

 

Røysteføre innskytarar kan koma med forslag til kandidatar.

Forslaga må vera sendt til banken innan 20. februar 2019 med kandidaten sitt namn, fødselsår og –dato, yrke og fullstendig adresse. Valkomiteen utarbeider på grunnlag av innkomne forslag og eigne vurderingar ei valliste som vert lagt ut i banklokale og på heimesida til banken. Forslag kan sendast til ber@tysnes-sparebank.no eller leverast/sendast til banken.

Instruks om innskytarane sitt val til forstandarskapen er utlagt i banken sine lokalar.

 

Innskytarvalde forstanderskapsmedlemmer i Tysnes Sparebank:

Navn medlem

På valg

Elin Flatråker

2019

Per Terje Tveit

2019

Lars Petter Epland

2019


Navn varamedlem

På valg

Kjartan Hagen

2021

Helga Belt

2021

 

Instruks for innskytervalget finn du her. 

 

TYSNES SPAREBANKS FORSTANDARSKAP

23. januar 2019

 

Lorentz Lunde

Leiar