Den gode utviklinga held fram

Tysnes Sparebank har framleis god vekst og leverer eit godt resultat for 3. kvartal 2018. Resultatet er på 22,8 millionar kroner før skatt. Dette er heile 6 millionar kroner betre enn same tid i 2017. Med dette resultatet har banken om lag 9,4 % avkastning på eigenkapitalen. Dette er blant dei beste resultata mellom bankar i Noreg ein kan samanliknas med.

 

Stor kundevekst

Banken opplever stor pågang frå kundar i regionen. Hovudsakleg er veksten størst på personkundemarknaden, og det er blant dei yngre kundane banken aukar mest. Den årlege utlånsveksten er på heile 19 %, noko som er høgare enn det banken hadde forventa.

 

Det er gledeleg at kundepågangen framleis er stor. Kundane set stor pris på at banken leverer gode digitale løysingar på mobil og PC, og at vi klarer samstundes å tilby den menneskelege kontakten som ofte er avgjerande for å finna den beste løysinga for kvar enkelt kunde” uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Banken er solid

Til tross for stor auke i utlån er banken solid. Etter å ha henta inn 110 millionar kroner i ny eigenkapital dei siste åra, vil banken vurdera å auka eigenkapitalen også i 2019 for å kunna veksa i same takt som no.

 

Målet er at eigarane våre skal kunna oppnå 5 til 7 % betre avkastning på eigenkapitalbevisa samanlikna med ordinær bankrente for innskot” seier banksjefen.

 

Eigenkapitalbeviset er notert på Merkur Market som er ein marknadsplass under Oslo Børs. Kursen for Tysnes Sparebank svingar noko frå dag til dag, men er den siste tida notert på mellom kr. 114 og kr. 119. Pålydane er kr. 100 på eit eigenkapitalbevis.

 

Vekst i regionen

I Sunnhordlandsregionen har næringslivet ei positiv utvikling og går betre enn på mange år. Det gjer at fleire er i arbeid og at aktiviteten i marknaden er stor. Denne utviklinga vonar vi vil halda fram i åra som kjem, noko som bidreg til eit trygt grunnlag for den frittståande lokalbanken på Tysnes.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

 

Tysnes, 30. oktober 2018 

 

Dag Sandstå

Banksjef