Me takkar for alle søknadane me har fått, banken synes det er kjekt å kunne støtta så mange lokale lag og organisasjonar. I år har banken utbetalt totalt kr. 210.133,-.
Beløpa er fastsatt etter ulike kriterier som blant anna antall medlemmer, bygg og liknande. Nokre av gåvesøknadane inneheld ein ekstra søknad til spesielle aktivitetar og investeringar. Banken har valgt å utdele ekstra til 6 slike søknadar i år.

Lag og organisasjonar som ikkje har konto i banken eller som er av privat/offentlig karakter har ikkje fått tildelt gåve til allmennyttig føremål.

Me ynskjer laga og organisasjonane lukka til vidare i 2018 og håpar at gåva frå Tysnes Sparebank kan bidra til noko verdiskapande!