Etter skifte frå sommarhjul til vinterhjul eller omvendt, er det viktig å alltid etterstramme hjulboltane skikkeleg.

30-50 kilometer etter hjulskift
Hjulboltane skal etterstrammast etter 30-50 kilometer.

Gløymer du å etterstramme ved hjulskift, kan du i verste fall risikere hjul som løyser.
Etterstramminga blir tilrådd både fordi boltane i utgangspunktet kan vere stramma for svakt, og fordi støvpartiklar og sand kan liggje mellom felg og hjulspindel, noko som fører til at boltane sit dårlegare festa.  

Ikkje stram for hardt
Dersom du skulle vere uheldig å skru for hardt ved etterstramming, kan gjengane og boltane øydeleggjast og knekkes, både før og under køyring. Noko som kan gi fleire typar skader.

Sjekk lufttrykket
Lufttrykk bør sjekkast jamleg. Dette kan du gjere enkelt på bensinstasjonar. Kva lufttrykk du skal bruke står i bilen si instruksjonsbok.

Kjelde: Landbruksnytt