Når du har funne den eigedomsmeklaren du vil bruke, legg de saman ein plan for salsprosessen:

Framdriftsplan

Eigedomsmeklaren set opp ein framdriftsplan, som inneheld oversikt over når takstmannen kjem, korrektur av prospekt, når bustaden skal leggjast ut for sal, og kva kanalar bustaden skal marknadsførast i.

Klargjer bustaden for sal

Hugs at bustaden din konkurrerer med mange andre bustader. Du bør derfor bruka tid på å klargjera bustaden for sal. Høyr gjerne med eigedomsmeklaren din om kva han eller ho tenkjer er lurt, og pass på at fotografen kjem ein dag det er fint vêr. Bilete har meir å seia enn du kanskje trur.

Skap eit godt inntrykk av det heile

Ein ryddig bustad gir inntrykk av å vera større. Bustaden bør vera møblert, men ikkje meir enn at han gir inntrykk av god plass. 

Reingjer, rydd og luft godt, også i garasje og bodar. Reparer småting som er øydelagde, gøym unna løyse leidningar, og vurder om du skal måla bustaden. Å måla er den lettaste og mest effektive måten å endra bustaden på. Lyse og nøytrale fargar er det beste når du skal selja heimen din.