Dette bør du gå gjennom når du overtek bustaden:

  • Sjekk at brannslokkingsutstyr er på plass
  • Sjå etter feil og manglar
  • Sjekk om bustaden er godt nok vaska
  • Sjekk at alt som er skildra i prospektet, eller på kontraktmøtet, er med
  • Sjekk at du har fått alle nøklar til dører og bodar
  • Les av straummålaren saman med seljar – fram til overtakingstidspunktet er det seljar som skal betala for straumen

Sjekk òg Noregs eigedomsmeklarforbunds oversyn over lausøyre og innbu som skal følgja med bustaden viss ikkje anna er avtalt.

God bustadøkonomi

Lånedokumenta frå banken din inneheld detaljert informasjon om lånet ditt, det vil seie om renter og avdrag, nedbetalingsplan og kor mykje du blir trekt kvar månad.

Nedbetalingsplanen viser ei totaloversikt over heile lånet. Nedbetalingsperioden startar same dag som du overtek den nye bustaden, og pengane for kjøpet blir overførte til eigedomsmeklaren sin konto.

Lånet blir automatisk trekt frå kontoen din ein fast dato kvar månad. Du kan når som helst endra trekkdatoen dersom du ønskjer det.

Det første trekket er gjerne høgare enn dei neste trekka. Dette er på grunn av tidspunktet for overtaking og trekkdatoen – til dømes at det har gått over ein månad frå overtaking og fram til første trekk.

Hugs at du kan kontakta rådgivaren din i banken når som helst – vi hjelper gjerne med både små og store bustadspørsmål.  

Det kan vera lurt å ha ein bufferkonto. Kanskje har du allereie planar om å pussa opp eller oppgradera? Då er det lurt å starta månadleg sparing på ein konto som er øyremerkt bustaden. Dersom vaskemaskina plutseleg blir øydelagd eller du ser at du må pussa opp litt meir enn du først hadde rekna med, er det godt å vita at du har litt ekstra pengar å gå på.

Skaff dei rette forsikringane. Den nye bustaden skal vera heimen din i mange år framover. Rette forsikringar er ein ekstra tryggleik for deg og sørgjer for at du ikkje står på bar bakke dersom noko skulle skje.

Husforsikring. Ei husforsikring omfattar tap ved brann-, vass- og naturskadar samt tjuveri, og ho gjeld for einebustader, tomannsbustader og rekkjehus. Hugs at du som regel er dekt av forsikringsavtalen burettslaget har, dersom du har kjøpt ei burettslagsleilegheit.

Innbuforsikring. Ei innbuforsikring dekkjer skade på tinga dine – til dømes datamaskin, klede, verktøy, sportsutstyr og kjøkenreiskapar. Ofte er innbuet verdt meir enn du trur.