
Fusjonsplan for Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank er endelig vedtatt
Tysnes Sparebank har over lengre tid hatt dialog med Haugesund Sparebank om å slå oss saman. I dag kan me med glede annonsera at styra i begge bankane har vedtatt ny fusjonsplan og me slår oss saman med Haugesund Sparebank i løpet av hausten.
Målet vårt med fusjonen er at me saman skal styrka konkurransekrafta vår til fordel for alle kundane våre. Samanslåinga gjer oss endå betre rusta til å kunne tilby gode tenester og løysingar for kundane, i tillegg til at me har endå større kraft til å støtta opp om utviklinga i næringslivet i lokalområdet. Me har stor tru på at den samanslåtte banken, som vil dekka heile markedsområdet på Haugalandet og i Sunnhordland, vil vera ein robust og attraktiv bank for kundar i heile regionen.
Kva betyr samanslåinga for deg som kunde?
Rådgjevarane og banken vil vera den same, og lokalkontora vert oppretthaldt.
- Hos oss treff du fortsatt eit menneske når du treng det, og du vil fortsatt treffe den rådgjevaren du kjenner i banken, seier Wenche Vik Thorson, konstituert banksjef i Tysnes Sparebank.
Kundene vil bli godt ivaretatt og orientert om alle endringar i god tid.
Den samanslåtte banken vil få 12 kontor spredt utover Haugalandet og Sunnhordland.
Kva betyr samanslåinga for lokalmiljøet?
Begge bankane har lange tradisjonar med å dele ut gåver til gode tiltak og aktivitetar. Ein større og meir robust bank gjer oss endå betre i stand til å gje tilbake til lokalsamfunna gjennom gåver og tildelingar, også i framtida.
I samband med samanslåinga opprettar vi Sparebankstiftinga Tysnes, som vil eiga eigenkapitalbevis i den samanslåtte banken. Utbyttet skal brukast til allmennyttige føremål i vårt nærområde, noko som gjer oss endå betre rusta til å støtta det fantastiske arbeidet som blir gjort i lokale lag og foreningar.
Bankane sine sponsoravtalar på Haugalandet og i Sunnhordland vert vidareført etter samanslåinga. Saman med samarbeidspartnarane våre skal me fortsette å skapa glede, engasjement, samhold og utvikling!
Tidsplan
Planen er at me skal fusjonere i løpet av hausten 2025. Dette forutsetter godkjenning i Tysnes Sparebank sitt forstandarskap og i Haugesund Sparebank sin generalforsamling 10. april 2025, og Finanstilsynets tillatelse.
No gledar me oss til å ta fatt på fusjonsprosessen mot å bli éin bank!
