Favorittdestinasjonar 
I Europa er favorittdestinasjonane London, Barcelona og Roma, og utanfor Europa er det Dubai og New York som toppar lista. Desse fem destinasjonane ligg alle på topp 10 over dei mest populære storbydestinasjonane for nordiske reisande. 

Tryggleik på reisa 
Det kan vere nyttig å ha oversikt over kor ein ikkje burde opphalde seg som turist av sikkerhetsmessige årsaker når ein er på storbyreise. 

Dei generelle kriminalitetsnivåa i europeiske storbyer er som regel lave, men nokre område utpeker seg med ein høgare risiko for ran, veskenapping og lommetjuveri. 

Barcelona 
Sjølv om det generelle kriminalitetsnivået er lågt i Barcelona, er det i område der mange menneske er samla (ofte turistar) ein auka risiko for lommetjuveri, veskenapping og ran. Spesielt Plaza d’Espanya, den sørlege delen av La Rambla og spesielt i Ciutat Vella (gamlebyen) er stader med auka risiko for tjuveri og ran. Andre stader med økt risiko er som i mange andre storbyer området rundt hovudbanegarden, metroen og på strendene, kor turistar er samla.

London 
Det generelle kriminalitetsnivået i London er også lågt, men i område der mange menneske er samla (ofte turistar) finst ein auka risiko for lommetjuveri, veskenapping og ran. Desse områda omfattar blant anna East End, området omkring Olympic Park, West End primært rundt Picadilly Circus, Regent Street, Oxford Street, Covent Garden, Bond Street, og Leicester Square.

Roma 
Likeins som Barcelona og London er kriminalitetsnivået i Roma lågt. Likevel er det ein forhøgt risiko for veskenapping, lommetjuveri og ran på stader der mange turistar er samla, spesielt i området rundt togstasjonen Termini.

New York
Det generelle kriminalitetsnivået i New York er medium. Spesielt i område der mange turistar er samla (f.eks. Times Square) er det mange lommetjuveri og veskenappingar. Turistområde, tog, enkelte togstasjonar og undergrunnsbaner, er i likskap med andre storbyer, spesielt utsett for tjuveri. I New York omfattar det blant anna Pennsylvania Station og visse område i Bronx, Brooklyn og Queens.

Dubai 
Dubai anses for å vere ein av dei sikraste byane i verda. Sjølv om risikoen for å bli utsett for kriminalitet er svært låg, er den likevel stadig til stades. Dette typisk i form av lommetjuveri og veldig sjeldent i form av ran. 

Hugs reiseforsikring og det blå helsekortet 
Det blå helsekortet frå EU gir nordiske reisande innan EU, samt Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits, rett til behandling på same vilkår som innbyggjarane i det landet som det blir reist i. Det er derfor viktig at ein alltid sørger for å skaffe seg det europeiske helsetrygdekortet og har reiseforsikring før ein dreg på ferie til landa nemde ovanfor.

- God tur! 

Kjelde: SOS International