Det er fem timar til avreise, og framleis er ikkje kofferten ferdig pakka. Du trålar huset etter alt du MÅ ha med deg, og sper på med ting som kan vere «kjekt å ha» dei to vekene i Spania.

Kjenner du deg igjen i situasjonen over, har du nok heller aldri rokke å tenkje over verdien på det som hamnar i kofferten din. Sannsynlegvis er innhaldet verdt mykje meir enn du trur.

LES OGSÅ: Er du og bilen din sommarklare?

Titusener på kvardagslege ting
Ei typisk pakkeliste til sommarferien inneheld gjerne ting som joggesko (1200 kroner), toalettmappe (2000 kroner), bikini (800 kroner), jakke (3500 kroner) og veske (2000 kroner). Sleng på ein hårføner (500 kroner) og litt undertøy (500 kroner), så har du allereie pakka verdiar for godt over 10.000 kroner.

Og det er utan pensko (2500 kroner) og kjole (900 kroner) til ein betre kveld på byen. Totalsummen på ein typisk feriekoffert? Svaret finn du ved å sjå videoen lenger ned.

Regn ut kor mykje bagasjen din er verdt
Om bagasjen din forsvinn, eller innhaldet blir stole, risikerer du altså å tape større verdiar enn du trudde på førehand. Det er derfor viktig at du og resten av familien er godt forsikra når de reiser på tur.

Usikker på kva reiseforsikring du treng? «Dekningssjekken» er ein kalkulator som reknar ut kva som er riktig for deg. Plott inn kva du har med av klede, elektronikk og toalettsaker i kofferten. Kalkulatoren reknar ut totalsummen og foreslår ei forsikring som sørgjer for at du er godt dekt.

Forsikra i heile verda
Vår reiseforsikring gjeld i heile verda ved ferie og jobbreiser som varar inntil 60 dagar, og inkluderer sjølvsagd ulykkesforsikring. Det er ingen krav til overnatting, og barn under 20 år er medforsikra uansett kvar dei bur. Du kan også utvide reiseforsikringa til å dekkje verdigjenstandar.

Du kan også ta kontakt med banken for å snakke med ein rådgjevar.

God tur!