Er tinga dine stolne eller øydelagte, må du først og fremst gjere nødvendige tiltak for å avgrense skadane. Deretter kontakter du Eika. Dryger du med dette, kan du risikere at skadeomfanget aukar og at kostnadene som kjem på, ikke blir erstatta. 

Er skaden omfattande, sender ein ofte ein takstmann for å kartlegge omfanget. Takstmannen tek vanligves kontakt dagen etter, dersom det er ein vanleg yrkedag. 

Du kan enkelt melde skaden ved å ringje oss på 915 03 850 eller sende e-post til forsikring@eika.no.

Kva for gjenstandar er forsikra? 
Som hovudregel seier vi at innbu og lausøyre er gjenstandar du tek med deg dersom du flyttar, til dømes klede og møblar. Grunnforsikringa omfattar innbu og lausøyre i heimen inntil det beløpet som står i forsikringsbeviset ditt. Dette inkluderer mellom anna óg: 

  • Andre sine ting, som du har overteke eller har plikt til å forsikre. 
  • Yrkeslausøyre og varer som du har oppbevara i heimen. 
  • Grasklippar, snø- og jordfresar e.l. 
Utover forsikringssummen for lausøyre, er det óg dekning for mellom anna: 
  • Pengar og verdipapir.
  • Opphald (dersom du ikkje kan bo heime). 
  • Diverse båt- og bilutstyr. 
Ei detaljert oversikt over alt som blir dekt av innbuforsikringa, finn du i vilkåra.

Kva for type skadar får ein dekning for? 

Uventa og brå uhell er typiske skadar som blir dekte av innbuforsikringa. Utgifter til vedlikehald eller utbedringar blir ikkje erstatta. Her er nokre av skadane som blir dekte: 
  • Brann eller eld som har kome laus. 
  • Elektriske feil, som til dømes kortslutning. 
  • Lekkasje og vasskade. 
  • Tjuveri og skadeverk i samband med tjuveri. 
  • Glasskadar og øydelagt sanitærporselen. 
  • Naturskadar, som følgje av skred, flaum eller liknande. 
Du finn ei fullstendig oversikt over typar skadar, i vilkåra.

Ofte skjer det òg skadar på grunn av uhell. Med den beste forsikringa vår, Innbu Pluss, har du uhellsforsikring i tillegg. Då er du forsikra ved brå og uventa hendingar kvar som helst i verda med inntil 15 000 kroner. Innbu som blir skada under flytting med eigen bil er òg forsikra med Innbu Pluss. 

Kva for dokumentasjon bør ein leggje ved? 
Tjuveri og brann skal meldast til politiet, og dokumentasjon for det meldte forholdet må leggjast ved skademeldinga. Det hendar òg at dei som skal vurdere saka ønskjer at andre skadar skal meldast til politiet. 

Eventuelle kvitteringar og fakturaer for handverkarar eller andre fagpersonar må òg leggjast ved. Dette betaler du som hovudregel sjølv, og får det deretter refundert. Dersom Eika sender fagpersonar, blir rekninga betalt direkte av Eika. 

Dersom du har spørsmål om innbuforsikring, kan du lese meir her. Du kan òg ringe oss på 915 03 850 eller sende ein e-post til forsikring@eika.no.