Det første du må gjere er å skildre hendingsgangen så nøyaktig som mogeleg. Det er lurt å gjere dette medan du enno har uhellet friskt i minnet. Hugs òg å sikre bevis frå skadestaden og noter ned namn, adresse og telefonnummer frå eventuelle vitne.

Korleis melde inn ein skade
Når du skal melde skade på bilen har du fleire val, du kan anten melde skaden elektronisk, ringje oss på 915 03 850, sende e-post til forsikring@eika.no eller fylle ut skademelding som blir send per post. Les meir om dette her

Kva for dokument må du leggje ved når du melder ein skade? 
  • Skademelding med skildring av hendinga. 
  • Bilete frå skadestaden, dersom du har dette. 
  • Andre relevante opplysningar i samband med skaden/uhellet. 
  • Ved maskinskade er det viktig at du tek kontakt med ein verkstad, helst ein merkeverkstad. 
    Hugs å melde frå til verkstaden at dei må kontakte Eika før dei set i gong reparasjonen. 
Kven avgjer skuldspørsmålet?
Di oppgåve er å skildre kva som har skjedd i detalj, slik at sakshandsamaren kan avklare skuldspørsmålet og kva som er rett for di sak. Dersom det sannsynlegvis er den andre parta si skuld, eller det er uklart kven som har skulda, tek sakshandsamaren kontakt med forsikringsselskapet til den andre parta for å avklare dette. 

Når kan bilen reparerast? 

Sjølv om du er ivrig etter å få bilen på vegen att, er det viktig at ting blir gjort i rett rekkefølgje: 
  1. Skaden skal meldast før ein leverer kjøyretøyet til verkstaden. Vi anbefaler at du benytter eit av våre avtaleverksteder. 
  2. Lever bilen til verkstaden og oppgi skadenummeret.
  3. Verkstaden set opp eit reparasjonstilbod som skal sendast til Eika for godkjenning. 
  4. Når reparasjonstilbodet er godkjent av oss, kan du setje i gong reparasjonen hjå verkstaden. 
  5. Fakturaen skal sendast frå verkstaden til Eika for oppgjer. Verkstaden har teke imot opplysningar frå Eika om eigendel og ein eventuell reduksjon i erstatninga. Dette er noko du sjølv betaler direkte til verkstaden.
  6. Hugs å betale meirverdiavgift dersom det er køyretøy i næring som er reparert. Dette skal ikkje vere med i fakturaen som går til Eika og skal betalast direkte til verkstaden. 
Kva om det ikkje lønner seg å reparere køyretøyet? 
  • Dersom skaden kjem er større enn marknadsverdien på bilen, blir han innløyst. Det vil seie at Eika sin takstmann finn marknadsverdien på ein tilsvarande bil, og sender rapport på dette til sakshandsamaren. 
  • Sakshandsamaren sender deretter eit erstatningstilbod til deg basert på rapporten. 
  • Aksepterer du erstatningstilbudet sender du oss elektronisk salgsmelding via www.vegvesen.no på vårt organisasjonsnummer 979 62 8684 og telefonnummer 479 04 149. 
  • Eika overtek den innløyste bilen, og utbetaler erstatning til deg. 
Har du spørsmål knytt til skadeoppgjer eller bilforsikring? 
Du kan lese meir om bilforsikring og skadeoppgjer i Eika her. Du kan òg ringe kundesenteret vårt på 915 03 850 eller sende oss ein e-post på forsikring@eika.no.

Vi finn stort sett alltid ei løysing som alle er nøgde med.