Generelt er nordmenn flinke til å førebu bustaden på sommarfråværet. Likevel kan det vere lurt å gjere nokre enkle grep før du reiser, slik at huset ikkje blir ei stor freisting for innbrotstjuvar.

Desse førebuingane bør du gjere før du reiser bort:

  • Få nokon til å tømme postkassa mens du er borte.
  • Lås, sett på alarm og la heimen sjå bebodd ut, både inne og ute.
  • Skur av hovudstoppekrana.
  • Installer alarm med utrykking - alarm gjer tjuvane dårleg tid!
  • Spør naboen om hjelp med post og søppel mens du er borte.
  • Be postkontoret og avisa om å stoppe levering når du er bortreist.
  • Monter tidsbrytar til lyset inne og ute.
  • Har du fasttelefon kan denne viderekoplast til mobilen eller feriestaden.
  • Sjekk at dører og vindauge er forsvarleg lukka og låst når du forlèt huset.
  • Forsikringsgodkjente (FG-godkjent) låsar er ei god investering.
  • Fysiske hindringar gjer at tjuvane lagar meir støy.
  • Pass ekstra på vindauge og dører som ligg skjult for naboar og forbipasserende.
Sist men ikkje minst, sørg for å ha forsikringane i orden slik at du er sikra dersom uhellet er ute.

God sommar!