Administrerande direktør i Eika Forsikring, Trond Bøe Svestad, er sjølvsagt godt fornøgd med årets resultat frå EPSI Forsikringsstudie 2018. - Vi oppnår same gode score som i fjor på privatmarknaden, mens vi har klar framgang på bedrift, noko vi må sjå oss svært fornøgd med, fortel Bøe Svestad. 


Utmerker seg på service
Årets studie viser at Eika Forsikring utmerker seg innan service. Kundane opplever å få god oppfølging og seier at selskapet er enkelt å forholde seg til. 


- Dette er eit tydeleg resultat av den gode servicen som dagleg blir levert kundane våre gjennom lokalbanken, Eika Kundesenter og av Eika Forsikring.   


Lurt å samle alle forsikringar i same selskap
To av tre forsikringskundar oppgir at dei har samla alle forsikringane sine hos én og same leverandør. Målinga viser at dei forsikringskundane som har samla alle forsikringane på eitt stad er atskilleg meir tilfredse enn dei som har avtalar med fleire forsikringsselskap. Samlar du forsikringane dine hos oss gir vi deg i tillegg 10 prosent samlarabatt

Sjå forsikringane våre her.