Pensjon treng ikkje vere vanskeleg å forstå eller ta lang tid å gjere noko med. Sjølv små grep kan få stor betyding for korleis du vil få det som pensjonist, og det viktigaste er å kome i gang.  
 
Dersom du er usikker på kor mykje du burde spare, eller om det lønar seg å spare i fond eller på sparekonto, får du hjelp av oss i banken gjennom ein samtale med ein av våre rådgjevarar. Rådgjevarane våre er dyktige på å leggje opp ein spareplan basert på din økonomi og dine framtidsplaner og ønsker, og er opptatt av at du skal sitje i førarsetet heile vegen.  
 
Ein av våre rådgjevarar forklarar korleis ein pensjonsprat med rådgjevar føregår: «Me tek individuell rådgjeving ut frå kundens faktiske tal og draumar. Me bryr oss om kundane, vil dei vel og gir råd for framtida. Me har gode, artige samtalar og legg både deltids- og langtidssparemål. Ein kjem ikkje i mål om ein ikkje lagar ein plan og følgjer den», seier rådgjevaren.   
 
Det er viktig for oss at du følar tryggleik og eigarskap til pensjonen din, og dette hjelpar me deg å oppnå ved å saman kartleggje korleis pensjonen din vil sjå ut. Og me gjer det gjerne over ein kopp kaffi!  

Ein kjem ikkje i mål om ein ikkje lagar ein plan og følgjer den

Samle pensjonen med eigen pensjonskonto 

I tidleg 2021 vart eigen pensjonskonto (forkortast ofte til EPK) lansert for alle som jobbar i privat sektor. Dette er ein konto som samlar pensjonssparing frå tidlegare arbeidsforhold(dette kallas for pensjonskapitalbevis) og pensjonssparing frå dagens arbeidsgjevar. Målet er å gjere pensjonssparing enklare, meir oversiktleg og gje lågare administrasjonskostnadar for kunden ved å samle pensjonssparinga på ein stad. 

Du kan sjølv velje kvar du ønskjer å ha pensjonskontoen din. Det kan vere lurt å velje ein bank som har rådgjevingskompetanse slik at du får mest mogleg ut av pensjonssparinga.  
 

Kvifor pensjonkonto i banken? 

Det er fleire fordelar ved å ha pensjonskonto hos oss:  

  • Du får gratis personleg rådgjeving hos ein av våre dyktige rådgjevarar 
  • Du får god hjelp til å setje opp en spareplan tilpassa deg 
  • Du vil få ein pekepinn på kor mykje du vil få utbetalt som pensjonist  
  • Du kan enkelt gjere justeringar til til dømes sparebeløp eller risikoprofil 
  • Du får moglegheit til å investere pensjonen din i berekraftige fond 

Slik får du pensjonskonto i banken 

Eigen pensjonskonto opprettas automatisk for deg hjå den pensjonslevarandøren som arbeidsgjevaren din har pensjonssparinga di hjå i dag, men du kan enkelt flytte kontoen til banken. Me hjelper deg gjerne. Fyll ut kontaktskjema nedst på sida, så kontaktar me deg for ein pensjonsprat.