Med små grep kan det kanskje vere mogleg å halde fram med sparinga, sjølv om det ikkje er like mykje som før.

  • Få ei oversikt over kva du brukar pengar på kvar månad

    Det kan vere lurt å gå gjennom alle abonnement. Er det nokon av desse du ikkje lenger brukar, og som kan avsluttast?

  • Set opp eit budsjett

    Kor mykje kan du spare kvar månad? Når du lagar ei oversikt over kostnadene dine, hjelper det deg med å sjå kor mykje du kan setje av til sparing kvar månad.

  • Detox av kott og skåp

    Gjenbruk er gull! Har du noko du kan selje? Rydd i skåpa dine og sel det du ikkje lenger brukar. Dersom du treng noko nytt, er det billegare å kjøpe det brukt.

  • Lag ein fast spareavtale

    Opprett ein fast, månadleg spareavtale for fondssparinga di med trekk på same dag som løna kjem inn på kontoen. Eit lite beløp kan vekse over tid.

Vi gjev deg personleg rådgjeving tilpassa din økonomi. Saman set vi oss ned og finn smarte grep. Gode råd er ikkje langt unna, avtal eit møte med oss.