Innhald

Søk om sponsormidlar

Tysnes Sparebank bidreg årleg med gåver til allmennyttige føremål. Banken er oppteken av å vere til stades i lokalmiljøet, og støtter samfunnet gjennom gåver og anna støtte til idrett, kultur, ideelle organisasjonar og andre samfunnsnyttige føremål. 

Banken tek i mot søknader fortløpande. Mail med søknad sendes til post@tysnes-sparebank.no og merkes med "sponsorat". Det er ingen standard søknadsskjema, men nyttig info vil vere:
- Kven søker
- Kor mykje søker de om
- Kvifor søker de

For spørsmål kring sponsorat kan de kontakte: 
- Siren Simonnes (Kvinnherad og Hardanger)
- Gjermund Vik (Stord) 
- Karoline Dalen (Tysnes og øvrig)