Innhald

Jobbe hos oss

Me er ein lokalbank med filialar på Tysnes, Husnes, Odda, Stord og Lagunen. Sjølv om me er spredt utover kartet - har me eit nært forhold til kvarandre og samarbeider tett for å nå våre mål og visjoner. I da daglega står bankens kjerneverdiar sterkt - og da me levere skal vera i tråd med disse. Våre kjerverdier er: Verdiskapande, engasjert og tilgjengeleg. Eit godt arbeidsmiljø og nærleik til kollegaer og ledelse meiner me er viktig. 

Arbeidsområder i banken er i hovedsak: 
- Personmarknad PM (kreditt og bredderådgivning)
- Bedriftsmarknad BM
- Kundesenter 

Banken er deleigar i eigedomsmeklar Aktiv Hordaland som er samlokalisert med oss på Stord. 

Me er ein liten, lokal sparebank med eit bredt og samla fagmiljø. Me samarbeider med Eika og andre lokalbankar i alliansen for stadig utvikling, kompetanseheving og erfaringsutveksling. 

Kven leitar me etter?

I Tysnes Sparebank har me eit fokus på nærleik til kunden og tilgjengelighet, noko me meiner både privat- og næringslivskundar i ein lokalbank bør forvente. Har du ambisjonar, eit ynskje om å skape gode kundeopplevingar og vil vera med på å videreutvikle og befeste Tysnes Sparebank som verdas mest personlege sparebank - er du velkommen til å ta kontakt med oss. Behov for nye ansatte kan oppstå i fleire av våre arbeids- og marknadsområder. 

Fordeler

Tysnes Sparebank er ein attraktiv arbeidsplass i vårt lokalmiljø. Me tilbyr moglegheita for personleg utvikling og kompetanseheving i vår organisasjon. Som ansatt i Tysnes Sparebank får du blant anna gunstige pensjons- og forsikringsordningar, samt gode lånebetingelsar.

Om Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank er ein sjølvstendig sparebank, med tradisjoner tilbake til 1863. Banken har sitt hovudkontor på Våge i Tysnes kommune. I tillegg har banken filialar i Kvinnherad, Bergen, Odda og Stord.

Om Eika Alliansen

Eika Alliansen består av 73 lokalbanker, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt. Eika Alliansen har ein samla forvaltningskapital på over 360 milliarder kroner, nær ein million kunder og meir enn 3000 ansatte. Dette gjør Eika Alliansen til ein av dei største aktørane i det norske bankmarkedet – og ein av dei viktigste aktørane for norske lokalsamfunn.