Innhald

Bustadlån

Ulike bustader har ulike lånebehov. Lånet har sikkerheit i bolig eller fast eigedom. Søk i dag, eller ta kontakt så hjelper vi deg.

Bustadlån

Bustadlån er eit lån med pant i bustad eller fast eigedom. Det blir nedbetalt etter ein fast nedbetalingsavtale, anten med fast- eller flytande rente.

  • Fastrente gir best oversikt over framtidige kostnader. Då inngår du ein bindande avtale om ei fast rente for tre, fem eller ti år, og betaler ein fast sum på bustadlånet ditt - uavhengig av økonomiske svingingar i marknaden.
  • Ved flytande rente, endrar renta seg i takt med svingingar i marknaden. Det gjer at renteutgiftene på bustadlånet vil variere. Dersom den personlege økonomien din toler svingingar i bustadlånsrenta, vil val av flytande rente som regel vere mest lønnsam.

P-rom, gjenbuarar og BRA?

Det er ikkje alltid så lett å vite kva alle forkortingane står for. Finn fram i bokstavjungelen med vår vesle ordbok.