Tør du å tenkje det utenkjelege - at du eller dine næraste blir ramma av sjukdom, uføre eller død? Det kan medføre uvisse rundt framtida og din økonomiske situasjon dersom inntektsgrunnlaget plutseleg blir halvert.

 

– Berre ein tredjedel av oss er flinke nok til å forsikra oss sjølv. Dette er vanskelege spørsmål, og mange er nok prega av ein «det skjer ikkje meg-haldning», seier Inger F. Kvaal, avdelingsleiar Personforsikring i Eika Forsikring. 

 

Ingen kan føresjå framtida, det einaste vi kan gjere er å sikra oss så godt vi kan og trygga oss i ei tid prega av uvisse.

Dette er dei viktigaste forsikringane for deg og din familie:

1. Forsikring ved kritisk sjukdom
Denne forsikringa sikrar deg og dine dersom du skulle bli alvorleg sjuk. Forsikringssummen kan disponerast fritt. - Å kunne ha økonomisk handlefridom i ei kritik sjukdomsfase er viktig, og denne forsikringa gir nettopp det, seier Inger Kvaal.

 Forsikring ved kritisk sykdom 

2. Barneforsikring
Vi er stort sett flinke til å forsikre eigendelane våre, men kva med barna? Denne forsikringa består av fleire ulike dekningar, der dei vesentlegaste dekningane, som blir utbetalt til barnet, er varig medisinsk invaliditet ved sjukdom og ulukke, samt uføredekning.

-Vi har ein like god dekning for varig mén ved sjukdom som ved ulukke. Når vi veit at inntil 80% av årsaka til varig medisinsk invaliditet skuldast nettopp sjukdom, opplever vi dette som ein riktig ivaretaking av våre kundar. Vi veit kvar statistikken gir utslag og prioriterer nettopp desse områda for at det skal gjera ein forskjell når det gjeld som mest, seier Kvaal.

Dette er vår barneforsikring

3. Dødsfallsforsikring
Denne forsikringa sikrar at familien kan fortsetje å bu der dei bur, og betene eventuelle lån som normalt, sjølv om ein med forsørgjaransvar dør. - Eit dødsfall vil vera vondt for alle, og det kan ein ikkje forsikra seg mot. Men med ei dødsfallforsikring sikrar ein at familien i alle fall ikkje får store økonomiske omveltingar midt i alt det vonde, seier Inger Kvaal.

Dette er dødsfallsforsikring

4. Uføreforsikring
Ved langvarig arbeidsuføre vil dei fleste av oss få eit betydeleg inntektstap. Har du råd til det? Tenk over kva inntektstapet ved langvarig arbeidsuføre vil føre til for deg, og sørg for at uføreforsikringa di reduserer dette tapet, seier Kvaal.

Lær meir om uføreforsikring her.

Sjølv om du ikkje kan forsikre kjærleiken, kan du forsikre deg av kjærleik.

#tavarepå flokken din!