📱 5 % rabatt når du betaler med din nye Gold Visa i Vipps

Visste du at du kan leggje inn fleire kort i Vipps? Ein hovudregel er å bruke bankkortet ditt til venjebetaling og kredittkortet når du handlar på nett. I løpet av 2022 vil fleire butikkar opne opp for betaling med Vipps og dermed er det lurt å leggje inn din nye Gold Visa som betalingskort. Sjå etter Vipps som betalingsalternativ når du netthandlar.
Reiser du kollektivt med buss eller tog, kan du også ofte betale med Vipps i appen. Vel Vipps som betalingsmåte og følgje instruksjonane på mobilen din.

Slik får du rabatten: 
Rabatten får du når du betaler med Vipps forutsett at betalinga blir utført med din nye Gold Visa i perioden 1. - 30. april 2022.

Rabatten beregnes med bakgrunn i transaksjonsteksten, og alle kjøp som inneheld ordet «Vipps» i tekstfeltet vil gi rabatt. Unnataket er venneoverføringar, kjøp hos Vinmonopolet og betalinger utført med Gold Mastercard.

Du kan maksimalt tene kr 500 i rabatt per månad, og kr. 2.500 per år. Beløpsgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året.
 
Når kjem pengane på konto? 
Rabatten blir utbetalt automatisk til kredittkortet din månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabattar» i transaksjonsoversikta i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din. Då får du oversikt over kva du har spart. Hugs at det alltid lønner seg å betale heile fakturaen ved forfall.

Usikker på korleis du kan registrere din Gold Visa i Vipps? Slik gjer du det:

  • Opne Vipps
  • Vel «Profil»
  • Vel «Kontoer og kort»
  • Litt lenger ned på sida finn du området «Kort", her må du velje «Legg til kort»
  • Fyll inn kortnummeret, utløpsdatoen, utløpsåra og CVC-koden tilhøyrande din Gold Visa og vel «Registrer»

God handel!