Koronatida har ført med seg ein del utfordringar for husfreden, og ulike strømmetjenester har vorte ei god løysing for få den daglege kabalen mellom hjemmekontor, digitale arbeidsmøte, hjemmeskole og barnehage til å gå i hop. Mange av oss er vant til å strøyma store mengder musikk, video, bøker, filmar og anna underhaldning både for å aktivisera barna og få ro og fred i eigen sjel på kveldstid.   

Dei fleste av desse tenestene krev eit månadleg abonnement som vi må betala ved bruk av eit bank- eller kredittkort. Er du usikker på kva kort du bør bruka? Vi kan hjelpa deg til å ta den riktige avgjerda.   

Som med all annan netthandel lønner det seg å bruka kredittkortet framfor det vanlege bankkortet.   

Slik grunngir vi dette:  

  1. Du har full kontroll på utgiftene
    Når du får tilsendt kredittkortfakturaen kan du sjekka transaksjonane før du betaler rekninga. Dermed oppdagar du raskt om noko ikkje stemmer, eller om nokon av tenestene har vorte dyrare.    
  2. Du har betre oversikt over nettabonnementa
    Det er lett å mista kontrollen over kva du abonnerer på. Ved å betala alt med same kort, kan du enkelt logga deg inn i mobil- og nettbanken og sjekka der pengane dine tar vegen.
  3. Du kan føla deg tryggare
    Om tenesta du abonnerer på blir hacka, eller du blir svindla, er det betre at det er kredittkortet ditt som blir tappa enn bankkortet. Då blir nemleg ikkje trekt pengane direkte frå bankkontoen din, men frå banken. Dessutan har du gode reklamasjonsrettar og er forsikra mot ID-tyveri dersom noko skulle skje.
  4. Du har alltid «pengar på kortet»
    Det er kjipt om Netflix-abonnementet blir stoppa fordi du ikkje har dekning på brukskontoen. Med eit kredittkort kan du føla deg trygg på at betalinga går gjennom så lenge du held deg innanfor kredittgrensa.  
  5. Du har fleire fordelar inkluderte i kortet
    Eit kredittkort hos oss er gratis og du betaler ingen årsavgift. Det kostar ikkje noko å eiga og å bruka kortet, og du får inntil 45 dagars betalingsutsetjing før rekninga må betalast. Eit godt råd er alltid å betala kredittkort rekninga til forfall – då slepp du å betala renter utover det du har brukt.     

    God strømming! #tavarepå husfreden og hjemmekosen.