Før du drar

  • Sjekk utløpsdato på kortet før du reiser på ferie
  • Litt ekstra pengar i bakhånd? Søk om kredittauke og utvid kredittgrensa på ditt Gold før ferien. Dette gjer du i mobil- og nettbank under Auk kredittgrense.
  • Ta alltid med to kort. Då har du alltid eitt kort i reserve om du skulle vera så uheldig å mista det eine kortet.
  • Gratis reise- og avbestillingsforsikring. Betaler du meir enn 50 % av dei totale kostnadene for reisa med ditt Gold, får du gratis reise- og avbestillingsforsikring.
  • Betal leigebil og hotell med ditt Gold. Både hotell og leigebilselskap gjer ein reservasjon av bestillingen. Brukar du kredittkortet vil ikkje reservasjonen påverka brukskontoen din.

Under ferien

Ha full kontroll i heile ferien!
Mobilbanken er ein utmerkt reisevenn som gir deg tilgang til ei god transaksjonsoversikt og dessutan ei rekke nyttige tenester:
 

  • Tilgang til nytta og disponibel kreditt.
  • Oversikt over transaksjonar belasta på kortet.
  • Tilgang til sperretenesta der du raskt kan sperra korta dine viss du skulle vera så uheldig å mista dei. Du kan òg opna korta igjen viss du finn dei.
  • Henta ut PIN-koden din dersom du gløymer han.
  • Sedde på regionsperre.
  • Sjå forsikringsbeviset ditt.

Mobilbanken finn du i App Store eller Google Play – søk opp namnet til banken. Det er lurt å lasta ned appen før du reiser.

Skal du til utlandet i sommar?
Nokre land har opna for besøk i sommar og viss du skal ut og reisa, husk at du alltid får gebyrfrie minibankuttak i valuta i utlandet når du tar ut kontantar med kredittkortet frå oss. Av og til tar utanlandske minibankeigarar eit eige gebyr, men dette går ikkje til oss.
I tillegg kan det vera lurt å sedde på regionsperre på kortet ditt, slik at det berre kan nyttast i utvalde delar av verda. På denne måten kan du redusera faren for svindel og misbruk.

Og eit siste tips: Betal alltid i lokal valuta når du er i utlandet, det lønner seg nesten alltid.  


Etter ferien

Kontrollér transaksjonsoversikta
Det er viktig å kontrollera at transaksjonane belasta på ditt Gold stemmer overeins med ditt eige bruk. Oppdagar du transaksjonar du ikkje kjenner til, ta umiddelbart kontakt med Eika Kundesenter på tlf. (+47) 915 03850.

God sommar!