Du held ganske enkelt opp kredittkortet ditt mot lesaren på betalingsterminalen og ei halvt sekund seinare er betalinga utført. Du slepp å taste PIN-kode så lenge kjøpet er på kr 200 eller mindre. Ved kjøp over kr 200 må du taste PIN-kode.

Slik aktiverer du korta fyrste gong Fordelar ved bruk av kontaktlaus betaling
1. Sjå etter symbolet for kontaktlaus betaling.
2. Hald korta inntil terminalen.
3. Du blir bedd om å setje kortet inn i terminalen og taste PIN-kode.
4. Kortet er klart til bruk.
• Raskare betaling
• Unngår eksponering av PIN-kode
• Mindre tid i kø
• Mindre avhengig av kontantar



Sikker betalingsløysing
Kortet har innebygde avgrensingar i tilfelle du skulle miste det. For å vareta tryggleiken vil du også bli spurt om å taste PIN-koden din i enkelte tilfelle. Du risikerer ikkje å bli trekt på kortet berre ved å gå forbi ein terminal.

Tilgjengeleg over heile verda
Betalingsløysinga finst allereie i store delar av verda. Du kan bruke kontaktlaus betaling i blant anna London, Nice, New York, Milano, Barcelona, Istanbul og Krakow - og ikkje minst i nærmiljøet ditt.

Det er stadig fleire norske butikkar og kjeder som aksepterer kontaktlaus betaling.

Dette er nokre av dei:

• Baker Hansen • Bagel & Juice •Burger King
• Deli de Luca • Kaffebrenneriet
•McDonald`s
• Peppes Pizza
• TGI Fridays •Nordisk Film og Kino
• Starbucks • Stockfleths •Telenorbutikken
• Kid Interiør • Cubus •Dressmann

 

Det kan finnast enkelte butikkar innan dei ulike kjedene som ikkje aksepterer kontaktlaus betaling.

Sjå etter denne logoen når du lurer på om du kan betale kontaktlaust: