Med kompetente rådgivarar, nærleik til kundane og god kunnskap om lokale marknadsforhold er vi betre rusta enn dei fleste til å lykkast. Med god forståing for deg og di verksemd skapar vi verdiar gjennom det vi kallar aktiv kundeomsorg. Oppsummert handlar det om heilskapleg økonomisk rådgiving og hjelp til å ta gode val for framtida. Vi vil vere ei drivkraft for lønsemd, vekst og utvikling for både deg og lokalsamfunnet vårt. 

Lokalbanken som sparringpartner - Vi hjelper til med å gjere det enkelt, lønsamt og meir effektivt for alle som driv eiga verksemd. 

Vi er ein fullservicebank som tilbyr gode løysingar innan finansieringforsikringpensjon og betaling

Bli kunde
For å bli bedriftskunde i banken, ta kontakt med oss for ein prat der du kan få nærare opplysningar om framgangsmåte og informasjonsbehov. I hovudsak vil vi krevje følgande dokument før kundeforholdet kan registrerast: firmaattest, vedtekter og kunderegistreringsskjema. 

Ved ønske om finansiering vil vi ha bruk for ytterlegare dokumentasjon slik som opplysningar om formål for finansiering, forretningsplan og rekneskap siste 3 åra.