Innhald

Leasing av køyretøy, maskiner og utstyr

Leasing er ei form for finansiering kor finansieringsselskapet kjøper og bedrifta di leiger utstyret. Du kan lease nær sagt alt av driftsmiddel som f.eks. køyretøy, maskiner til anlegg og jordbruk, driftsutstyr og annan lausøyre. Du kan sjølvsagt fritt velje forhandlar og merke. Utstyret blir nedbetalt i forhold til verdifall og økonomisk levetid, og heile investeringa blir avskrive over leasingperioden.

  • Du får utstyr tilpassa bedrifta og frigjer driftskapital som du kan nytte til andre investeringar.

  • Gir deg enkelt tilgang til nyare utstyr.

  • Leasingleiga blir kostnadsført i sin helhet.

  • Du slepp å ta pant i eigedom, og belastar dermed ikkje pantegrunnlaget.

  • Med leasing får du full bruksrett til utstyret. Det er bruksretten og ikkje eigedomsretten som skaper grunnlag for inntekter og overskot.

Korleis kome i gang?
Ta kontakt med oss - så får du hjelp til å rekne ut kva som lønner seg. Kanskje vedlikehaldskostnadene dekkjer leasingleiga for nytt utstyr?