Innhald
Bankkort

Vårt VISA Classic-bankkort fungerer fint til dagleg bruk i butikk og til å ta ut pengar i minibank. Kortet er kontaktlaust. Det gjer det mogeleg å betale for beløp under 200 kroner, utan å setje inn kort og taste kode.

Med eit bankkort tilknytt driftskontoen kan du ta ut kontantar i minibanken og bruke betalingsterminalar. Dersom du ønskjer det, kan du velje kva design du vil ha på kortet slik at du kan bruke kortet til å profilere verksemda di.

Business med bedriftsansvar
Ved "bedriftsansvar" er det bedrifta som er kontoeigar, og som er ansvarleg for bruk og uteståande saldo. For å søkje om Business kredittkort med bedriftsansvar må bedrifta di vere kunde i banken.

Eigenskapar:
• Det er mogeleg med fleire kort per bedrift, og alle korta vil trekkje frå same kredittramme 
• Faktura vil sendast til bedrifta  

Effektiv rente 39,80 %, v/12.000,- o/12 mnd. Kostnad 2.192,80 kr. Totalt 14.192,80 kr.

Avtalevilkår
Business med privatansvar

Dette er eit MasterCard som gjer det enklare for deg og medarbeidarane dine å skilje jobbutgifter frå privatøkonomien. Kortet passar spesielt godt i bedrifter med tilsette som reiser mykje. Kortet er kontaktlaust. Det gjer det mogeleg å betale for beløp under 200 kroner, utan å setje inn kort og taste kode. Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert dersom du betaler minst 50 prosent av reisa di med Business kredittkort.

  • Kortet inkluderer Priority Pass til VIP-loungar på over 910 flyplassar.
  • Vedleggsadministrasjon i nettbanken gjer det enkelt å skrive reiserekning og registrere momsrefusjon.
  • Inntil 45 dagars rentefri betalingsutsetjing.
  • Inga årsavgift.
Effektiv rente 21,75 %, v/12.000,- o/12 mnd. Kostnad 1.297,80 kr. Totalt 13.297,80 kr.

Avtalevilkår

Slik skil du eigen økonomi frå bedrifta sin

Bruker du kredittkort når du er på reise gjennom bedrifta? No kan du enkelt skilje mellom private kjøp og jobbrelaterte utlegg.