Historia viser at fondsspararar vil sitja att med vesentleg meir enn kontospararane, medrekna nedgangar i økonomien.

– Når du samanliknar oppturar og nedturar i aksjemarknaden dei siste 120 åra, ser du at den årlege verdiauken på aksjar ligg på gjennomsnittleg 9,5 %, fortel investeringsdirektør i Eika Kapitalforvaltning Stig Erik Brekke. Bankrenta har i den same perioden vore 5 %. – Det er lett å sjå at aksjefond løner seg, men det krev at

  1. Den som sparar, må tola at det svingar.
  2. Sparinga må vera langsiktig, nettopp på grunn av svingingane.

– Skal du spara til ein Australia-tur om to år, kan du like gjerne gjera det på ein konto. Stig Erik Brekke

Litt ned, men mest opp

– Det er forståeleg at enkelte tenkjer at fondssparing ikkje er noko for dei, når aksjemarknaden fell, seier Brekke. Han er vand til å roa ned folk som blir uroa når børsen svingar.

– Ingen likar at pengane deira får mindre verdi, men dersom du zoomar litt ut, så å seia, ser du det store biletet: Verdien på sparepengane vil nemleg auka på sikt. Det viser denne illustrasjonen:

graf som illustrerer verdistigning over tid for aksjefond
Dette biletet viser at den siste nedgangen på børsen berre er ein del av jamlege svingingar, medan verdiane totalt sett stig.

Kor risikabelt er aksjesparefond?

Vi tenkjer gjerne på aksjar som noko risikabelt. Dersom du til dømes har kjøpt aksjar i ei bedrift som det går dårleg med, ja då kan du tapa pengar. Det er akkurat denne risikoen eit aksjefond kan redusere til eit minimum: Eit aksjefond omfattar nemleg minimum 16 aksjar. Det er det lovpålagde minstekravet. Eika Kapitalforvaltning innfrir dette med svært god margin sidan dei ulike fonda rommar frå 30 til 200 ulike aksjar.

– Dei som jobbar med å plassera sparepengane til kundane, gjer altså dette med nennsam hand og spreier derfor innskota i ulike bransjar for å minska risikoen for kvar enkelt fondssparar, seier Brekke.


– At staten gjev skattefrådrag til alle som sparar i fond, er eit tydeleg signal på at styresmaktene ser på denne sparingsforma som ei fornuftig og sunn spareform.
Stig Erik Brekke, mann i blå dressjakke med briller, grått skjegg og grått hår

Kor mykje har 1000 sparekroner i månaden blitt om 20 år?

Tek vi utgangspunkt i dagens rente, vil du sitja att med 271 000 kroner i banken, mot 443 000 kroner i fond. Om ikkje det er oppsiktsvekkjande nok i seg sjølv, skal du vita at pengane faktisk kan tapa seg ved å stå på vanleg bankkonto.

Dette er fordi renteutviklinga i dag faktisk er svakare enn prisstiginga i økonomien.

Kontakt rådgjevaren din for å løysa ditt reknestykke

Sjekk reknedømet i sparekalkulatoren vår


Kan alle spara?

Ja, men fondssparing krev altså at du er fortruleg med naturlege svingingar i aksjemarknaden, og det passar derfor for deg som vil spara langsiktig. Vi veit at sparing kan verka vanskeleg å koma i gang med, så derfor skal du sleppa å gjera det heilt åleine. Rådgjevaren i lokalbanken din er nemleg klar til å hjelpa deg i gang.

Tek du ein prat med rådgjevaren din får du god hjelp til å sjå dei økonomiske moglegheitene akkurat du har, etter at de har teke omsyn til inntekt og gjeld.

Ta kontakt i dag for å starta draumen om ein romslegare økonomi.

Vil du heller koma i gang med fondssparing på eiga hand, gjer du det enkelt her.