Bankkort
Debetkort eller bankkort tilhøyrer ein konto med pengane dine, dette er typisk den kontoen lønna di kjem inn på. Når du handlar med bankkortet blir trekt beløpet direkte frå kontoen din. Dette kortet er det lurt å bruka til hverdagslige ting - som ein kaffi på veg til jobb.

Du bør bruka bankkort til:

  • Daglegvarehandel og betaling i butikk
  • Betala rekningar
  • Vennebetaling og betaling i butikk med Vipps

 

Kredittkort
Kredittkort er eigne pengane til banken som du låner. Det er gebyr og rentefritt når du betaler faktura innan 45 dagar. Det tryggaste er å alltid bruka kredittkort på reise eller ved netthandel. Det er og lurt å bruka kredittkort til å betala ulike abbonementstjenester. 

Du bør bruka kredittkort til:

  • Varehandel/store utgifter
  • Netthandel
  • Strømmetjenester og betaling i app
  • Betaling av reiser, hotell og leiebil
  • Minibankuttak og betaling utland

 

Husk at det er lurt å ha med seg to kort, eit bankkort og eit kredittkort - då har du alltid ein back-up.

I mobilbanken har du full kontroll over korta dine. Du kan sjekka saldo og sjå oversikt over bruken.
Psst... Du har same PIN-kode på bankkortet og kredittkortet.