Seks prosent av oss har delt BankID-en sin minst éin gong, viser ei undersøking som Norstat har gjort på vegner av Vipps.

I tillegg opplyser heile 20 prosent at dei har brukt andre sin BankID minst éin gong.

 

– Nesten alle veit at BankID er privat, men vi ser at fleire likevel deler og brukar andre sin BankID – og fire prosent meiner at det er i orden å dela passord og kodebrikke med andre, seier Hege Steinsland, kommunikasjonssjef i BankID. 

 

Ho forklarar at det er svært få av brukarane deira som opplever ID-tjuveri eller svindel, men framhevar at ein likevel bør ta forholdsreglar og aldri la nokon andre få tilgang til BankID-en.

– Det viktigaste du kan gjera er å aldri dela passordet ditt med andre – ikkje ein gong familiemedlemmar eller andre du stolar på. Du ville aldri ha lånt vekk passet ditt til nokon andre, og det same gjeld for den digitale ID-en din, seier Steinsland.

Portrett av Hege Steinsland

IKKJE DEL: Fleire meiner det er OK å dela passord og kodebrikke med andre, men det bør ein aldri gjera, tilrår Hege Steinsland, kommunikasjonssjef i BankID. Foto: Vipps

Kan i verste fall bli fråstolen identiteten

Ifølgje Ole Petter Aasen, produktsjef i BankID, er det oftast i familierelasjonar at BankID-passord blir delte. Éin familiemedlem har kanskje ansvaret for økonomien heime, og har tilgang til BankID for alle i familien. Eller så kan ein eldre familiemedlem ha trong for hjelp med å betala rekningar.

 

– Det går stort sett alltid fint. Problemet er at det kan gå frykteleg gale, seier Aasen. 

 

– Med BankID kan du i praksis ta over personen sin identitet: Du kan gjennomføra betalingar, søkja om lån, pantsetja bustaden, og få tilgang til ei rekkje helseopplysningar og offentlege tenester, utdjupar han.

Ein familiekonflikt eller ein tidlegare partnar som ønskjer å gjera skade, kan i verste fall gi deg store økonomiske følgjer. I tillegg finst det fleire døme på svindelforsøk, der ein blir oppringt eller lurt til å logga inn i med BankID via ei nettside.

– Du skal aldri logga inn med BankID dersom nokon ber deg om å gjera det. Sjølv ikkje banken din ringer og spør om dette – så dersom det skjer, bør varsellampane straks byrja å blinka, seier Aasen.

Portrett av Ole Petter Aasen

KAN GÅ GALE: I dei fleste tilfelle går det bra, men du kan få store økonomiske konsekvensar om BankID-en din kjem på avvegar, ifølgje Ole Petter Aasen, produktsjef i BankID. Foto: Vipps

Slik sikrar du BankID-en din

Du treng ikkje eit milelangt passord, eller å stadig skifta det ut. Så lenge du følgjer desse enkle stega, skal BankID-en din vera trygg:

  1. Ikkje del BankID-passordet ditt med andre, ikkje eingong familiemedlemmar eller andre du stolar på. Det er ditt heilt personlege passord.
  2. Bruk eit unikt passord, som du ikkje brukar andre stader.
  3. Byt passord om du trur at nokon har tilgang til passordet ditt.
  4. Sei ifrå til banken din om du mistenkjer ID-tjuveri.

Så enkelt byter du BankID-passord

Dersom du mistenkjer at nokon har fått tilgang til passordet ditt, bør du endra det så raskt som mogleg. Du kan byta passord når du loggar inn på ein nettstad med BankID-en din. Trykk på menyen i BankID-ruta og vel «endra passord».

Om du har gløymt passordet ditt, må du kontakta banken for å få hjelp til å laga eit nytt.

Om BankID

BankID har det høgaste tryggleiksnivået for innlogging i Noreg. For å få BankID må ein identifisera seg med pass i banken. Det gjer at dei ulike tenestene som brukar BankID kan vera sikre på at du er den du gir deg ut for å vera – samstundes som du kan stola på at personopplysningane dine ikkje kjem på avvegar.