Våg å ta nokre omvegar, og ha eit ope sinn. Vegstandarden kan variere, men er aldri veldig dårleg som du kan oppleve i mange andre land. Dersom du i tillegg har med sykkel, gode tursko og kanskje ein kajakk på taket, er det ingen grensar for kva du kan oppleve på bilturen gjennom Noregs vakre natur.

Toppliste: dei vakraste bilturane i Noreg

  • Villmarksvegen i Østfold
  • Vikingvegen gjennom Vestfold
  • Langs Sørlandets svaberg rundt Sør-Noreg
  • Frå dal til høgfjell til hav over Sognefjellet
  • Mange perler på turistvegen frå Strynefjellet til Romsdalen
  • Langs Atlanterhavsveien til Kristiansund
  • Opplevingar langs Helgelandskysten
  • Villmarksvegen i nord
  • Langs yttersida av Senja
  • Langs kanten av Barentshavet
Bilturane i Noreg er henta frå boka «Noregs beste bilturar - spektakulære og innhaldsrike» av vegbokredaktør i NAF, Per Roger Lauritzen, saman med medforfattar Reidar Stangenes. Topp 10-lista er ikkje rangert. Les meir om Noregs vakraste bilturar med ei forklaring av dei forskjellige vegane her hos NAF.