Vi er opptekne av kva kundane våre meiner og har derfor engasjert Norsk Gallup til å gjennomføre ei kundeundersøking for oss. Mange av kundane våre kjem derfor snart til å få ein e-post frå dei med invitasjon til å delta. Det er sjølvsagt heilt frivillig, men vi håpar at du vil vere med.

Når skjer dette?
Undersøkinga blir gjennomført mellom 8. februar og 17. mars. Du får ein e-post frå Norsk Gallup med invitasjon til å delta.

Kvifor skal eg delta?
Svara dine er med på å gjere oss betre. I tillegg er du med i trekkinga av 10 Eika-gåvekort på kr. 1.000,-.

Korleis deltek eg?
Du får ein e-post frå Norsk Gallup med invitasjon og lenke til undersøkinga. Du kan svare på PC, nettbrett eller mobil.

Tek det lang tid?
Nei. Det tek rundt 10 minutt å svare på spørsmåla i undersøkinga.

Kva får eg spørsmål om?
Ulike spørsmål rundt forholdet ditt til oss, Eika-alliansen og andre bankar. Mykje vil dreie seg om kundebehandling, rådgiving og tenester.

Er eg anonym?
Ja, du er garantert anonymitet, og undersøkinga blir gjennomført på ei sikker (kryptert) lenke. E-postadressa blir berre brukt til å sende ut undersøkinga, og til å trekke ut vinnarar av gevinsten. Deretter blir ho sletta.

MÅ eg delta?
Nei, det er heilt frivillig, og e-posten kjem til å innehalde ei avmeldingslenke som gjer at du unngår fleire påminningar. Vi håpar sjølvsagt at du vel å trykke på «delta-lenka»!