I dag står vi alle overfor ein ny og usikker situasjon som påverkar heile Noreg. Vi forstår at dette påverkar både deg som privatperson og dei aller fleste bedrifter - store og små. Vi som lokalbank er alltid oppteken av å forstå kundane våre best mogleg.
Med lokalkunnskapen og nærleiken vår til kundane våre, vil vi anstrengje oss for å finne løysingane som er tilpassa behovet ditt – spesielt no som situasjonen er som den er.
Dersom du er usikker på korleis du skal handtere økonomien din i denne situasjonen, anten du er arbeidstakar, arbeidsgivar eller av nokon annan grunn, ber vi deg om å kontakte oss i banken. Du kan anten ringe eller sende e-post til rådgivaren din i banken.
Vi vil sjølvsagt også sørgje for at alle betalingstenestene og dei digitale løysingane våre er tilgjengelege slik at du som kunde i banken får handtert dei daglege gjeremåla dine på ein trygg og effektiv måte.