Å flytte heimanfrå for fyrste gong er ei stor hending. Midt oppe i sommarfuglar og store forventingar, gøymer det seg også ei rekkje praktiske oppgåver. Er for eksempel forsikringane i orden?

- All unge som har floge ut av redda, bør kjøpe eigne forsikringar.
Det kan du gjere straks du har meldt flytting til Folkeregisteret, seier Anne Hyttemoen i Eika Forsikring. 

Berre ein av tre unge har innbuforsikring
Det visar seg at mang unge er underforsikra, og berre eit av tre i alderen 18 - 29 år har innbuforsikring. Utan grunnleggjande forsikringar som reise, innbu og ulukke kan unge derfor risikere å hamne i store økonomiske problem dersom dei blir utsett for ei ulukke, skade eller sjukdom på reise, eller får bustad og innbu øydelagdt på bakgrunn av brann- eller vasskade.

Mest utsett
Det er gruppa som nett har flytt heimanfrå som er mest utsett. - Dette skuldast i stor grad at dei trur dei framleis er forsikra gjennom foreldre, og ikkje er klar over at dei treng eiga forsikring, fortel Hyttemoen. Det er også mange som trur dei er forsikra gjennom huseigar eller ein kollektiv avtale, eller trur det er dyrt og komplisert å kjøpe forsikring og derfor lèt vere å gjere det.

Kjøp UNG-forsikring på nett - med alt du treng i ein og same pakke!

UNG-forsikring kostar til saman 160 kroner i månaden, og inkluderer innbu-, reise- og ulykkesforsikring.
Ønskjer du eiga forsikring for berbar PC i tillegg, blir sluttsummen 187 kroner.   
 
Større verdiar enn du trur
- Når vi summerer alt vi eig av klede, mobiltelefon, TV, PC, nettbrett og andre teknologiske eigedelar, ser vi at ein student ofte har mykje større verdiar enn det vi trur, seier Hyttemoen og påpeker viktigheten av å vere godt nok forsikra.