Som med all annan netthandel løner det seg å bruke kredittkortet framfor det vanlege bankkortet. Her er fem grunnar som fortel kvifor:

  1. Du har full kontroll på utgiftene
    Når du får tilsendt kredittkort-fakturaen kan du kontrollere transaksjonane før du betaler rekninga. Dermed oppdagar du raskt om noko ikkje stemmer, eller om nokon av tenestene har blitt dyrare.

  2. Du har betre oversikt over nettabonnementa
    Det er lett å miste kontrollen over kva du abonnerer på. Når du betaler alt med det same kortet, kan du enkelt logge deg inn i mobil- og nettbanken og kontrollere kvar pengane dine tek vegen.

  3. Du kan føle deg tryggare
    Om tenesta du abonnerer på blir hacka, eller du blir svindla, er det betre at det er kredittkortet ditt som blir tappa enn bankkortet. Då blir nemleg ikkje pengane trekte direkte frå bankkontoen din, men frå banken. Dessutan har du gode reklamasjonsrettar og er forsikra mot ID-tjuveri dersom noko skulle skje.

  4. Du har alltid «pengar på kortet»
    Det er kjipt om Netflix-abonnementet blir stoppa fordi du ikkje har dekning på brukskontoen. Med eit kredittkort kan du føle deg trygg på at betalinga går gjennom så lenge du held deg innanfor kredittgrensa.

  5. Du har fleire fordelar inkluderte i kortet
    Eit kredittkort hjå oss er gratis og du betaler inga årsavgift. Det kostar ingenting å eige og å bruke kortet, og du får inntil 45 dagar betalingsutsetjing før rekninga må betalast.