- Vi blei redde. Det er ein dødeleg sjukdom om ein ikkje behandlar den. Heldigvis takla både Isselin og kroppen hennar behandlinga bra, fortel pappa Roger om tida då dei opplevde alle foreldre sitt mareritt.

Diabetes er klassifisert som medisinsk invaliditet. I Isselin sitt tilfelle førte det til at ho fekk utbetalt ein eingongssum på 319.000 kroner.

- Det kan vere godt å ha for framtida, for diabetes kan føre til komplikasjonar. Foreløpig er dei i forvaring hos overformynderiet sidan ho er mindreårig. Men når ho fyller 18 blir dei hennar, forklarer Roger.

Gir barna økonomisk tryggleik
Dessverre er det ikkje alle som har følgt eksempelet til familien Karlsrud. Sjølv om vi nordmenn er flinke til å forsikre hus, hytte og eigedelar, er kun halvparten av alle barn dekt av ei eller anna form for barneforsikring.

- Med ei barneforsikring gir du barna dine økonomisk tryggleik om noko skulle hende dei, forklarer Inger Kvaal, avdelingsleiar i Eika Personforsikring.

- Mellom anna har vi mange skadeoppgjer med barn som har fått diagnosen diabetes, slik som Isselin. Eika si forsikring er ei kombinert sjuke- og ulukkesforsikring, og dekker mellom anna medisinsk invaliditet, alvorleg sjukdom, arbeidsuførleik, samt behandlingsutgifter ved ulukke, dagpengar i samband med opphald på sjukehus og hjelpestønad, forklarer ho.

Enkel forsikring i ei vanskeleg tid
Sidan familien Karlsrud også har fått hjelpestønad frå NAV, får dei det same frå Eika. Det utgjer 34.000 kroner i året, og skal vere ei ekstra støtte til familiar der eitt born har behov for særskilt pleie og tilsyn.

Roger og Janniche Karlsrud rosar forsikringa og hjelpa dei har fått frå Eika.

- Når du teiknar ei slik forsikring, håper du sjølvsagt at du aldri skal få bruk for den. Men når det først blei sånn, har eg vorte veldig imponert over behandlinga vi har fått. Det har vore fanstastisk service, og pengane kom nesten med éin gong. Det var veldig godt i ei tid då det var mykje å sette seg inn i og mange kampar å ta, seier Roger.

Kort om barneforsikringa til Eika:
Barne- og ungdomsforsikringa kan kjøpast frå barnet ditt har fylt tre månader og inntil fylte 18 år. Forsikringa er ei kombinert sjukdoms- og ulukkesforsikring. Forsikringa gjeld fram til fylte 26 år.

  • Gjeld også ved studieopphald i utlandet i inntil 36 månader
  • Forsikringssummen blir regulert årleg etter grunnbeløpet til folketrygda
  • Kostar kun 180 kroner i månaden

Snakk med ein rådgjevar om barneforsikring i dag.