Veit du eigentleg kva du har i garasjen? Garasjen i seg sjølv er jo sjølve kongen av lagerrom. Det er ein fantastisk stad å lagre syklar og ski, bildekk og grillar, verktøy og campingutstyr. Problemet er at det er så lett å dytte det inn der det er plass, heilt til det blir eit uoversiktleg kaos.

- Vi bruker masse tid og pengar på å pusse opp kjøkken og bad, men gløymer garasjen. Heldigvis oppdagar stadig fleire at med system og orden, blir også den ein god stad å vera, seier Magnus Ørbeck-Nilssen, dagleg leiar i Enklere Bolig.

Bedrifta har spesialisert seg på system som skal gje garasjen den merksemda den fortener. Her er nokre gode råd på vegen.

1. Skaff deg oversikt
Råd nummer ein burde vera enkelt nok. Start rett og slett med å gå gjennom alt som er i garasjen. Kva har du brukt dei to siste åra?
-Bestem deg for å kasta eller gje bort. System er alfa og omega, så still deg spørsmåla kva har eg og kva treng eg, seier Ørbeck-Nilssen.

2. Orden på hagereidskapane
Hagereiskapane bør vere lett tilgjengeleg heile sommaren. Dei bør derfor plasserast på sideveggen nærmast hagen og rett innanfor garasjeporten. Når så vinteren kjem, kan dei lett byta plass med snøskuffa.

3. Opp på veggen
Ein tommelfingerregel er at ting bør opp frå golvet. Då blir det mykje betre system. Gå til innkjøp av nokre grove krokar, så er det lett å henge opp tyngre ting som stigar, stolar og bord.
- Set og opp hyller på veggane og gå til innkjøp av boksar du kan putte alt av småting oppi. Det er utruleg kor mykje rart du kan setje inn i hyller i staden for at det stel golvplass, meiner Ørbeck-Nilssen.

4. Heng opp bildekk
Bildekk skiftar vi to gonger i året. Også bildekka bør derfor hengas opp på veggen, slik at du frigir golvplass. I tillegg samlar dekka lauv og støv, og gummien blir dårlegare når dekka blir liggjande på golvet.

5. Heng opp sportsutstyr
Også ski og syklar kan med fordel hengast på veggen. Då tek du ekstra godt vare på sportsutstyret ditt, og ikkje minst så frigjer du så mykje golvplass at det faktisk også blir plass til bilen.
    - Og utnytta taket. Det er ein viktig ressurs når det gjeld oppbevaring. Her er det fin plass til for eksempel plankar, pulkar og skiutstyr.

6. Verktøytavle
Har du orden i verktøyet er mykje gjort. Skaff deg ei verktøytavle og ein arbeidsbenk så får du full oversikt over utstyret ditt.

7. Forsikre verdiane dine – og ta bilete av dei
Når du så har fått orden på sakene dine, er det viktig å ha forsikringa i orden.
- Regelen er at innbuforsikringa dekkjer innbu i bustad og garasje uavgrensa opp til den summen ein har satt. Men vi opplever stadig at folk berre tenkjer på innbu inne huset. Det er faktisk mange verdiar i garasjen også, seier Anne Hyttemoen i Eika Forsikring.
Hennar råd er også å ta bilete av det du eig.
- Då får du kontroll på verdiane dine og det blir lettare i etterkant dersom det skjer noko, seier ho.

Les meir om innbuforsikring her

Og glem for all del ikkje å låse døra …
Skal innbuforsikringa di gjelde, må du ha gjort det vanskeleg for tjuven å kome seg inn. Samtidig skal du vite at ein ryddig garasje også førebyggjer uhell.

- Det er for eksempel fort gjort å slenge frå seg brukte filler innsausa i brannfarlege oljar eller reinsemiddel. Ein uoversiktleg garasje full av rot og skrot kan i verste fall vere årsaka til store skadar, meiner Hyttemoen i Eika Forsikring.