Du har kanskje eit bustadlån, eit studielån eller billån, og er stort sett avhengig av eiga inntekt. Har du nokon gong tenkt over kva som vil skje dersom du skulle bli alvorleg sjuk, eller utsett for ei ulukke? Har du familie, vil dei kunne klare å fortsetje å leve som før, utan inntekta di? Det er eit skremmande scenario dei aller fleste ikkje har lyst til å tenkje over. Likevel kan realiteten vere verre.

I dag er det over 300.000 uføre i Noreg. Sjansen for at anten du eller partneren din/sambuar blir full arbeidsufør mellom 20 og 50 år, er på heile 15 prosent. Det høyrest kanskje lite ut, men det er overraskande mange som må snu opp-ned på livet, og ein elles trygg økonomisk kvardag.

Ei uføreforsikring gjer at du vil gå ein tryggare økonomisk kvardag i møte, i ein elles vanskeleg situasjon som arbeidsufør. Forsikringa har som formål å sikre deg og dine kjære økonomisk dersom du, ektefelle, sambuar, eller partner skulle bli arbeidsufør.

LES OGSÅ: Har du sikra flokken din?

1. Vær økonomisk sikra – uansett antall år i arbeidslivet

Visste du at jo yngre du er, desto viktigare vil ei uføreforsikring vere for deg? Dette er fordi ytingane til folketrygda er baserte på antal år i arbeidslivet og lønn. Skulle du for eksempel bli arbeidsufør som 20-åring, med lita eller inga tidlegare inntekt, vil du mest sannsynleg kome svært dårleg ut av det.

2. Disponer forsikringssummen slik det passar deg

Vi har alle ulike behov, og difor kan forsikringssummen disponerast fritt etter eige ynskje. Det viktigaste er at du kan oppretthalde levestandarden som før uførleiken. Midlane går til eigar av forsikringa, og blir anten skattefritt utbetalt eller med ein skatt på 5,4 prosent avhengig av vald forsikring.

3. Hald frem å leve livet som normalt

Ved langvarig arbeidsuførleik vil inntekta reduserast omfattande, og dei fleste vil få utfordringar med å oppretthalde den levestandarden ein er vann med. Ei uføreforsikring frå Eika er difor eit godt supplement til det du vil få av det offentlege, skulle det skje noko med deg.

4. Vær trygg på at du kan betale ned på lånet

I ein allereie vanskeleg situasjon handlar det om å kjenne seg trygg på at ein kan handtere framtida økonomisk. Dei aller fleste av oss har i dag eitt eller fleire lån, og skulle du bli arbeidsufør, kan du bruke forsikringssummen på å betale avdrag på dette.

5. Sikra framtida di

Forsikringa kan kjøpast av alle mellom 18 og 50 år, og varar fram til fylte 60 år. Ei uføreforsikring blir anbefalt til alle som har gjeld og/eller er avhengig av eiga inntekt.

Her kan du lese meir om personforsikringane våre